I går fekk eg telefon frå Nina Bergum som arbeider som konservator på Sør-Troms museum. Ho fortalte at ho hadde strevd med nokre hakar av jarn som skulle registrerast i gjenstandsdatabasen deira. Kva var dei brukt til og kva skulle dei kallast? Ho hadde kome over bloggen vår og lurte på om ikkje hakane kunne vere kjellingfot/ronghake som snikkarane brukte i høvelbenken? Sjølvsagt vart eg interessert i å sjå bilete av desse og fekk dei oversendt på e-post. Eg såg snart at her var det ikkje tvil om at vi har å gjere med snikkaren sin hake til å setje i høvelbenken. Det er flott at bloggen kan vere til nytte for også andre enn oss snikkarar. Det er mykje snikkarverktøy i samlingane til norske og svenske museer. Truleg er det lite av dette som er registrert godt nok til å vere godt søkbart i gjenstandsdatabasane? Eg har skrive ein artikkel om korleis forskjellen på det eldre snikkarhandverket og faglitteraturen saman med det moderne snikkarfaget kan gjere det vanskeleg å tolke eldre snikkarverktøy. Det er ikkje nokon tydeleg samanheng. Når ein då skal registrere museumsgjenstandar slik som desse hakane så finn ein ikkje noko i faglitteraturen som kan vere til nytte. Då kan derimot bloggen vår bli ein nyttig ressurs.

Det er sparsamt med opplysningar knytt til desse hakane. Dei skal ha tilhørt snikkar Arne Listau i Harstad. Han var aktiv i Harstad Håndverkerforening og tok gjerne på seg å lage til små utstillingar av snikkarverktøy i foreninga i samband med utdeling av svennebrev eller liknande. Arne vaks sjølv opp i same hus som Harstad Trævarefabrik der faren hans arbeidde og snikra spesielt kister. Det er også opplysningar om at ein av hakane skal vere smidd av ein smed på Borkenes i Kvæfjord kommune, det er ikkje langt frå Harstad. Harstad Håndverkerforening ble lagt ned i 2008 og selde då eigedomen og gav midlane til stiftinga Anna Rogde og Sør-Troms museum. Museet har også ein skottbenk som det er skrive om på bloggen til Norsk Skottbenk Union, og ein høvelbenk som det er skrive om her.

Tittelen på denne posten har to nemningar som ikkje har vore så mykje framme i lyset så langt. Hallhake er ei nemning som har vore brukt av Jens Solvang frå Hillesøy i Troms. Edvard Ruud frå Elgsnes skreiv at det tidlegare var vanleg å feste emne i høvelbenken med «hake og tand». Då meiner han at «tand» er høvelstoppen i høvelbenken. Eg reknar då det som nokså sikkert at med «hake» meiner han då haken som snikkaren nyttar for å feste emne oppå høvelbenken. Berre ordet «hake» er så generelt at det kan vere vanskeleg å bruke. Eg har difor bukt forma «benkehake» som har støtte i mange av svara på spørjelista om snikkarhandverket i Norsk Folkeminnesamling. Benkehake er brukt som nemning på høvelstoppen i spørsmåla og då er det tenkt at det er standard terminologi i snikkarhandverket. Det stemmer godt med det vi finn i faglitteraturen i faget. Det stemmer derimot litt dårlegare med nemningane som kjem fram av svara på spørjelista. Her er det fleire som har teikna ein liknande hake som på bileta over og skrive «benkehake» som nemning på dette. Det skal ikkje vere enkelt. Vi får glede oss over oppdaginga av desse to flotte hakane i Harstad og sjå fram til at det sikkert kjem til å dukke opp høvelbenkar som kan passe med desse hakane.
Is that a bench dog?
In English they would be called holdfast. I my Norwegian posts on the blog I use different names that where common in Norway and Sweden. You could search in the categories on Kjellingfot/ronghake/hallfast and read posts both in Norwegian, Swedish and English about this.