Vi har gjort unna 4 dagar med høvling på Sverresborg Trøndelag folkemuseum. 22 handverkarar frå ei rekke ulike institusjonar var samla for å dele erfaringar kring høvling av listverk og paneler. Seminaret var bygd over same lest som dei to tidlegare seminara på Sverresborg i snikring av vindauge og snikring av fyllingsdører. Norsk håndverksinstitutt, Sverresborg, HiST, og Gøteborgs Universitet står bak planlegging, gjennomføring og organisering av seminaret. Oddmund Aarø på Nidarosdomens restaureringsarbeider skaffa material som vi kunne høvle lister av.
Vi heldt til i snikkarverkstaden på Sverresborg og delte oss inn i 4 grupper som kvar arbeidde med sine arbeidsområde. Undervegs hadde vi foredrag og gjennomgangar av spesielle tema som dimensjonering og retting av emne, fjerning av mykje ved, Høs-Knut sine portalar og listverk, finhøvling, vekselpanel, erfaringar frå Totties på Skansen og liknande. Siste dagen fekk vi ein gjennomgang av dei erfaringane kvar enkelt gruppe gjorde med sitt arbeid. Kvar gruppe har også dokumentert arbeidet på gruppa og dette vil vi etterkvart presentere på bloggen for å dele våre erfaringar.
Den eine gruppa arbeidde med paneler av ulike slag. Her presenterer dei arbeidet sitt for dei andre deltakarane siste dagen. Her var det vekselpanel, notpanel, perlespon og pløgd slett panel av ulike typar. Dei prioriterte å prøve ut flest mogleg variantar men laga berre korte bitar av kvar paneltype. Foto: Roald RenmælmoJarle Hugstmyr leidde ei gruppe som konsentrerte seg om å høve store samansette profilar til dørlister og taklister. Her høvlar han på ein prøvebit som er kopi av ein mønekam som har stått på kongeinngangen på Nidarosdomen. Denne vart først grovhogd med øks før dei gjekk på med store profilhøvlar. Foto: Roald RenmælmoEi gruppe var leia av Olof Appelgren frå Skansen og Olaf Piekarski frå Rørosmuseet. Dei skulle prøve å kome fram til ein arbeidsmåte for å produsere krumme listverket over vindauga på Tottieska gården på Skansen i Stockholm i Sverige. Her prøvar Hans Høgnes ut sin nylaga prototyp av ein ploghøvel med krum såle og krumt land. Ein bit av den originale lista ligg til venstre på høvelbenken. Foto: Roald RenmælmoEllev Steinsli høvlar ein stor karnissprofil i kanten på det som skal bli ei dørlist. Hans gruppe var leia av Atle Østrem frå Stiftelsen bryggen og meg. Døromrammingar av ulike typar var i fokus. Vi høvla lister med tanke på at det skulle brukast og ikkje berre er prøvehøvling. Det gir spesielle utfordringar i høve til presisjonen i retting og dimensjonering. Det er krevjande å høvle nøyaktig nok i lange lengder når det er snakk om store falsar som er ein del av profilen. Foto: Roald Renmælmo
6 tankar på “Førindustriell produksjon av panel og listverk, seminar på Sverresborg”