De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum har ei veldig rik samling av gjenstandar knytt til ulike handverk. Dei har ei flott utstilling av snikkarverktøy som er lagt til rette som ein verkstad med arbeidsbenkar og verktøy. I tillegg har dei mykje av samlinga si i gjenstandsmagasin. I dette magasinet kom eg over ein arbeidsbenk som vekte mi interesse. Benken har registreringsnummer DHS.3884. Benken er i høgd slik at han er til å sitje på, 46 cm høg og knapt 1,5 meter lang totalt. I eine enden er det ei baktang og i andre enden er det ei skruklemme med sveiv.

Eg har fått spørsmål om eg har tips til korleis ein kunne byggje seg ein transportabel arbeidsbenk/høvelbenk som får plass i arbeidsbilen og som kan vere med ut på oppdrag. Benkane som er tenkt for montering på vegg slik som benken frå Meldal bygdemuseum eller benken som Magnus Wammen har målt opp på Norsk Folkemuseum er gode døme på korleis ein kan få ein benk stabil utan måtte transportere han med lastebil. Dei benkane nyttar ein fast vegg for å gjere benken stødig. Også andre av benkane utan faste understell kan saman med lause bukkar bli gode arbeidsbenkar som også er transportable. Av desse er det truleg berre benken frå Helberg som er tung nok til å stå fritt på golvet og vere stødig nok til høvling med grovstilt høvel.
Denne benken frå Sogn Folkemuseum er truleg tenkt slik at snikkaren sit på benken/emnet når han arbeider og slik sikrar at benken er stødig? Det blir tilsvarande slik ein bandstol fungerer. Denne benken kan difor vere ei alternativ løysing på utfordringa med å lage transportable arbeidsbenkar som er stødige nok til å arbeide på. Benken kan og fungere som sagkrakk og er truleg ein praktisk sak å ha på byggeplassen der ein arbeider med tradisjonelle handverktøy.

Denne benken er registrert inn på museet første gong i 1910 og var kjøpt inn av kunstmålar Lars Osa. Benken vart innkjøpt frå Ulvik i Hardanger. Den er registrert som ein «treskobenk», altså ein benk for å arbeide tresko. Den klemma med skruve på sida er nok meint for å feste treskoen i samband med at ein arbeidde med treskonavar og treskojarn. Det finnast ein film med ein svensk treskomakar som kan gi eit innblikk i korleis slikt arbeid vart gjort. I registreingsskjemaet er det ført opp at sjølve hovudplanken er 127 cm lang og er 2″ x 7 ½». Vidare: «Benken hviler paa 4 føtter mellem hvilke er indrettet et rum for verktøiet. Foran på bænken er anbragt et skrustikkelignende aparat av træ der kan klemmes sammen og fastholder træskoen under arbeidet ved hjelp av en gjennem begge dele gaaende jernbolt snittet i den ene ende og til denne hørende jernsveiv med mutringsnit. Bakerst er anbragt et træstykke av tykkelse og bredde som bænken. Dette skrues til enden ved hjelp av en træskrue og har den samme anvendelse som skruen på en høvelbænk, nemlig at holde emnet fast under arbeidet.» (G. F. Heiberg, Sogn Folkemuseum 1910)
Eg kan ikkje heilt sjå for meg korleis den baktanga kan høve til arbeidet med treskomakinga? Kanskje benken har vore brukt til meir variert bruk enn til berre tresko? Eg ser for meg at benken kan vere godt egna til forskjellig småarbeid der ein skal høvle korte emne, tappe i emne som ein sit på og sage eller økse på emne som ein held fast med kneet eller venstre hand.
Reblogged this on Paleotool's Weblog and commented:
I think I may have found a portable bench design that works for me! The Heiberg Collections – Sogn Folk Museum has a very rich collection of objects related to various crafts. They have a beautiful display of carpenter tools that have been made to resemble a workshop with workbench and tools. In addition, they much of his collection in the subject register. In this magazine I came across a workbench that woke my interest. The bench has registration DHS.3884. The bench is at the same elevation so that it is to sit on, 46 cm high (18 inches) and about 1.5 meters (60 inches) long. In one end there is a vise and the other end there is a screw clamp with crank.