Ronghakane i Møre og Romsdal

Ronghake og høvelbenk frå snikkarverkstaden til Hans O. Aas i Kjellbotnen / Skorgedalen i Vestnes kommune. Foto: Peter Brennvik
Ronghake og høvelbenk frå snikkarverkstaden til Hans O. Aas i Kjellbotnen / Skorgedalen i Vestnes kommune. Foto: Peter Brennvik

Eg har tidlegare skrive om ein original ronghake som finnast på garden Ullaland i Volda. Det er også påfallande mykje informasjon om ronghakar i svara på spørjelista om snikkarhandverket som eg har skrive ein artikkel om i haust. For ikkje å snakke om den flotte ronghaken og tilhøyrande høvelbenk på Romsdalsmuseet i Molde som Peter Brennvik og Øyvind Vestad har tipsa meg om. Frå at dette fenomenet har vore heilt fråverande i skrift om snikkarhandverket i Noreg til desse oppdagingane synast eg at vi hadde kome langt på kort tid. No viser det seg at dette truleg berre er starten på noko enda større. Peter har vore aktiv og gjort undersøkingar rundt på gardane i sine heimtrakter og rapportert vidare til meg slik at eg kan dele oppdagingane her på bloggen.

Den fyste oppdaginga er høvelbenken frå Skakketeigen i Molde. Benken har to ulike typar hol for ronghake 1″ og ¾». Her er ikkje ronghaken bevart saman med benken. Han kan likvel dukke opp seinare. Peter har oppdaga nokre lause ronghakar på i lokale snikkarverkstader. Hakane har han posta om på Instagram : http://instagram.com/bassdummy

Desse hakane er eg usikker på om kan knytast til ein lokal høvelbenk der dei har vore i bruk. Det an dukke opp meir informasjon om desse seinare.  Det siste er ein høvelbenk med ein fin smidd ronghake i. Denne minner veldig om ronghaken på Romsdalsmuseet.

Til saman vitnar desse funna om at ronghaken og bruken av den har vore utbreidd i dette området av Møre og Romsdal. Det kan vere god grunn til å leite vidare i desse områda for å finne meir om høvelbenkane og korleis ronghakane har vore brukt.  I samaband med arbeidet med skriving av artikkelen min om kjellingfot og ronghake undersøkte eg utbreiinga av ulike nemningar på benkehake, det som vert nytta som høvelstopp. I Møre og Romsdal verkar det som om nemninga benkehake var brukt om denne haken som Peter har sendt meg bilete av, ronghaken eller kjellingfot. Høvelstoppen er i staden kalla klobit, kam,  høvelbit, klo eller dobbe. Når ein i spørjelista om snikkarhandverket har spurt etter lokale nemningar på benkehake så er det ikkje sjølvsagt at ein då meiner høvelstopp. Mange av svara tyder nettopp på at dei fleste forstår benkehake som det same som ronghake. Eit tydeleg døme på det er svaret frå Endre J. Korndal i Øksendal som har skrive «dei brukte benkehake» og har teikna ein hake som minner svært om ronghaken på bilete over. To av hakane Peter har funne er frå Tresfjord. Nettopp frå Tresfjord har vi dokumentert nemninga «ronghake» i svaret frå Hans Skeidsvoll. Her skriv han «for lange stykkje bruktest ronghake og bit». Då er det grunnlag for å bruke «bit» eller «høvelbit» som nemningar på høvelstoppen i dette området, noko eg kjem attende til her på bloggen. (Renmælmo 2014) Ei stor takk til Peter som har gjort desse viktige oppdagingane og deler dei med oss. Frå at vi hadde nemninga ronghake med forklaring, har vi no fleire konkrete hakar frå same område. Dei flotte bevarte hakane har detaljar som er viktige for at smedane skal finne fram til smiteknikk, materiale og dimensjon. Dette er igjen viktig for at vi skal få laga funksjonelle hakar.

 

About Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

Ein tanke på “Ronghakane i Møre og Romsdal

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s