Høvelbenk er ei nemning som kan nyttast om alle arbeidsbenkar som ein skal høvle material på. Likevel er det mange spesialiserte høvelbenkar som gjerne har eigne namn. I samband med bygningsvernkongressen i Oslo var det ein sesjon på oppmåling og dokumentasjon av verktøy og slikt i samlinga til Norsk Folkemuseum. Eg sjølv var oppteken med høvling på skottbenk og dørsnikring og fekk ikkje med meg turen i magasinet. Heldigvis var det to av våre faste lesarar på bloggen, Gunnar Almevik og Magnus Wammen, som fekk målt opp og fotografert ein spennande liten høvelbenk. Benken har registreringsnummer NFL.4176 og kjem frå Støren i Gauldal i Sør-Trøndelag. Benken er ikkje meir enn 1,4 meter lang og har bøylar i framkant for å festast i vegg. Den har ein hengsla fot som står på golvet. Benken kan slåast opp på veggen når han ikkje er i bruk. Ein tilsvarande benk har vi tidlegare skrive om her på bloggen. Haken i baktanga ser ut til å vere den same. Haken som eventuelt har vore brukt i hola langs midten av benkeplata ser ikkje ut til å følgje med benken. Det kan ha vore ein enkel treplugg?
Benken har truleg vore brukt til høvling av kortare emne, helst stavar til lagging eller eventuelt bøkkararbeid. Det er då truleg høvling av staven på flasken som er høveleg å gjere på ein slik benk. Stav til lagging skal høvlast hul inni og rund utanpå. Det finnast nikre tilsvarande benkar på Digitalt Museum og ein av desse har nemninga «stavklombre» knytt til seg. Den benken har registreringsnummer SM.003119 og er frå Dalsfjord på Sunnmøre. Ein annan tilsvarande har nemninga «stavklemme» knytt til seg og har registreingsnummer SM.005796. Stavklemme og stavklombre peikar mot at desse benkane har vore brukt til høvling av stavar. Både lagga kjerald og tynner har stavar. For bruk til mindre snikkararbeid kan truleg slike benkar vere praktiske, særleg om ein har lite plass på verkstaden sin. Benken er så liten at han kan setjast opp på ein studenthybel og berre vere oppslått på veggen når han ikkje er i bruk. Både Gunnar Almevik og Magnus Wammen har målt opp og teikna benken så denne er godt dokumentert. Eg har fått løyve frå Magnus til å leggje ut bilete og teikninga her på bloggen. Då er det berre å gå i gang med å snikre seg slike benkar. Magnus har foreslått at benken også kan brukast til å forlenge ein eksisterande høvelbenk om ein har bruk for å høvle lange lengder. På byggeplassen kan ein hekte ein slik benk fast på gjerdesaga eller liknande. Ein perfekt benk å ha med seg i bilen når ein er ute på oppdrag.

5 tankar på “Samanleggbar høvelbenk, eller stavklombre”