I snekkerverkstedet, måleri av Jacob Gløersen

I "snekkerverkstedet", måleri av Jacob Gløersen 1903. foto©: O. Væring Eftf. AS
I «snekkerverkstedet», måleri av Jacob Gløersen 1903. foto©: O. Væring Eftf. AS

Målaren Jacob Gløersen var fødd i Nissedal i 1852 og som Fredrik Kolstø gjekk han på Knut Bergsliens malerskole. Han reiste også til akademiet i München saman med Kolstø og Erik Werenskiold. Skildringar av folk og natur var noko desse tre var opptekne av. Gløersen var ein periode i Rollag i Numedal og det er truleg frå garden Ulvik at han har henta motivet sitt. Truleg er guten på biletet Ola Ulvik som då var 8 år gamal. Måleriet viser ein skimakar i snikkarverkstaden.

«Like over nyttår 1903 sender Gløersen brev frå Ulvik til Gerhard og Sigrun Munthe, der han skriv: ”Jeg faar foreløpig ogsaa nok at gjøre inde forresten, for om 14 Dage maa jeg selvfølgelig holde op igjen i den Stuen, hvor jeg skulde male Snedker. For da kommer der en Lægdekjærring naturligvis. Ja, hvad kan ikke Fanden finde paa? Men jeg skal vel bli færdig her engang.” (http://knivgvasst.blogspot.no/2010_07_01_archive.html)

Skimakaren og guten er nok ganske så oppstilte for at Gløersen skulle få lyset riktig. Skimakaren står berre og stør seg på emnet utan å gjere noko. Høvelbenken ser ut som han er klar til å høvle til skiemnet som ligg klart under den ferdige skia. Det er litt høvelspon på benken og på golvet etter høvling som alt er gjort. Langhøvelen har handtak også framme. Han har borevinna og breisaga hengande klare på veggen. Elles er det truleg ein del verktøy i hylla i høgre billedkant. Til venstre står ei kraftig bile og ein hoggestabbe og bak desse står det nokre grove plankar røyst mot veggen. Høvelbenken har baktang som liknar på dei på hjulmakarbenkane. Truleg er det treskruve i denne. Framtanga seg og ut til å ha treskruve. Benken er plassert rett framom vindauget, men ikkje heilt inntil veggen. Det er nok og eit vindauge til venstre for billedkanten sidan høvelbenken og hoggestabben kastar skygge mot høgre og snikkaren har lys på ryggen.

About Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s