Tittelen på posten er også tittel på min ferske artikkel som har fått plass i boka «en vild endevending av al virkelighet», Norsk Folkeminnesamling i hundre år. Boka kom ut i førre veke og vart slept på eit seminar som var ei offisiell markering av hundreårsjubileet til Norsk Folkeminnesamling. Ho inneheld 31 artiklar som på ulike vis viser mangfaldet i verksemda til Norsk Folkeminnesamling. Snikkarhandverket har ein viktig plass i denne samanhengen. I 1934 utarbeidde Olav Brattegard ei spørjeliste om snikkarhandverket og lista vart den andre som vart sendt ut i serien Ord og Sed. Svarmaterialet frå denne lista har eit stort omfang med sine 168 svar, mange av dei frå snikkarane sjølve. Mange av svara har gode forklaringar på ulike detaljar av snikkarhandverket. Eg har sett særleg på høvelbenken og bruken av denne. Som eg skriv i artikkelen kjem det fram av svara at ein bruka ei innretning som kan heite kjellingfot, ronghake, hallfast eller liknande, for å spenne fast emne oppå benken. Denne finn eg ikkje døme på norsk faglitteratur i snikkarfaget og såleis er materialet i Norsk Folkeminnesamling det einaste dømet på nemningar på desse innretningane og forklaring på bruken. På Academia.edu kan du lese artikkelen: https://gu-se.academia.edu/RoaldRenmælmo

Eg har tidlegare skrive om ronghake i Molde og Volda som to døme på korleis slike kan sjå ut. Eg har også skrive om korleis ein smed tolkar seg fram til korleis slike kan ha vore smidd. Både eg og Tomas har skrive mykje om dette på bloggen og gjennom det har vi sett oss inn i kva som rører seg kring dette emnet rundt om i den engelskspråklege verda. Lost Art Press har på sin blogg ei rekke postar om kjellingfot, eller «holdfast» som er ei vanleg nemning på Engelsk. Dei har også ein post der lesarane av bloggen kan bidra med deira lokale nemningar. Høvelmakar og stolmakar Caleb James har utvikla ein samanleggbar høvelbenk der han brukar kjellingfot på ein ny måte for å lage ei framtang på høvelbenken. Popular Woodworking har ein nettartikkel der dei testar ulike modellar av kjellingfot for å finne fram til kva eigenskapar som er viktige. I denne testen prøvar dei ut dei vanlege kommersielle modellane. Det som er mest interessant er at dei får med seg ein smed til å smi nye hakar og får med smeden i drøfting av korleis kjellingføtene må vere for å fungere godt. Det er mykje likt arbeidet vi har gjort med smedane Mattias Helje og Øystein Myhre.
3 tankar på “Kjellingfot og ronghake – nemningar i snikkarhandverket omsett til handverkspraksis”