I serien vår med bilete av gamle snikkarverkstader har vi tidlegare hatt med eit måleri av Gustav Wentzel frå 1881. Han er ikkje den einaste målaren som har interessert seg for arbeidslivet generelt og snikkarfaget spesielt. Også målaren Fredrik Kolstø (Haugesund 1860 – Trondheim 1945) har måla menneske i daglegliv og arbeid. Mellom målarstykka hans er biletet «I snekkerverkstedet» som han måla i 1886. Dette året var han også ute på utlandsreiser, men motivet er nok frå Noreg. Kolstø starta som 16-åring på Bergsliens malerskole i Kristiania. Hausten 1877 reiste han saman med Erik Werenskiold og Jacob Gløersen til München og ble tatt opp som elev ved kunstakademiet. Også Gløersen har måla snikkarverkstader og det skal vi kome tilbake til seinare. Kolstø malte bilete i realistisk og impresjonistisk stil, gjerne med motiv frå Vestlandet. Han var son av kjøpmann Østen Kolstø i Haugesund.
«I snekerverkstedet», måleri av Fredrik Kolstø, 1886. foto©: O. Væring Eftf. AS
Det er sparsamt med opplysningar om motivet. Det vi kan sjå er at Kolstø har klart å fange høvelspona mykje betre enn det vi kunne sjå i måleriet til Gustav Wentzel. Guten som sit på høvelbenken og et brødskiver kan vere ein lærling? Frå Danmark har eg kome over ei levande skildring av kvardagen for ein «læredreng» på 1890-talet, altså nokre få år seinare enn måleriet til Kolstø. Det er Jens Hendrik Berg som skriv om si læretid hos «snedkermester P. Jørgensen i Slotsgade i aarene 1895-99» i Haderslev.
«Der blev kaldt på os om Morgenen af Mesterens Datter Kl. 5,15, og det skul nu gaa stærkt, en Stige blev stukket ned, efter at 2 Døre blev lukket op fra 1ste Sal, og ned i Gaarden, saa blev det stillet nogle Bænke op til Vandfade med Haandklæder og Sæbe, at Svendene kunde vaske sig, saa kom Mesterens Datter med en mægtig stor Bakke med Morgenmad og Kaffe (altsaa paa Værkstedet), som blev indtaget ved Høvlebænkene, det skulle jo gaa hurtigt, for naar det fløjtede paa Gasværket kl. 6, skulde alle Mand staa parat med Værktøjet i gang. Mesteren var der næsten altid samtidigt. Kl. 8 var der ½ Times Frokost med belagt Smørrebrød og Kaffe.» (En Læredrengs beretning, J. H. Berg, Aarhus, 1953.)
Med bakgrunn i skildringa frå Danmark kan vi tenkje oss at snikkaren får sin frukost eller morrabette (Morgenmad på dansk)? Sidan det ligg høvelspon på benken er nok dette litt ut på dagen etter at arbeidet er godt i gang. Å forlate høvelbenken slik frå dagen før var nok ikkje heilt bra om snikkaren arbeidde i ein verkstad med orden?
Snikkaren på biletet sit på framtanga på høvelbenken. Vi ser i enden på skruven i framtanga og det ser ut som det er ein treskruve. Lyset fell inn frå venstre kant så snikkaren har hatt godt lys til å sjå den flata han høvlar på. Det er langhøvelen som ligg på høvelbenken og mesteparten av spona ser ut til å vere frå kanthøvling. Truleg har han foghøvla emne til liming for å lage breiare plater. Elles ser vi vinkel og grindsag heng på ein spikar på veggen framom benken. Han har ein verktøyhald med nokre tappjarn eller skulpjarn og ein passar. Under denne heng borvinna og nokre fleire vinklar.
2 tankar på “I snekkerverkstedet, måleri av Fredrik Kolstø, 1886”