Ronghake og høvelbenk på Romsdalsmuseet i Molde

Som handverkar har eg vore heldig og fått reist mykje rundt om i både Noreg og Sverige og såleis kome over mykje spennande som for meg er utviklande for handverket. Noko av det eg har kome over er blitt dokumentert og registrert på ulike vis. Fotografi er nok det mest vanlege og eit av resultata kan de sjå i bloggposten om Ronghake på Ullaland i Volda. Det er enkelt å ta nokre bilete og mål av den aktuelle tingen slik at ein sjølv kan minnast detaljane. Likevel er det ikkje før eg kan dele bileta med andre at eg kan få tips om tilsvarande spennande ting andre stader. Etter å ha posta om ronghake på bloggen har eg fått fleire tips. Mobiltelefonar med kamera gjer slik deling av bilete veldig lettvindt.

Mest spennande så langt er ei billedmelding på mobiltelefonen frå Peter Brennvik tidleg på sommaren. Biletet frå Peter viste ein ronghake som står i ein høvelbenk på Romsdalsmuseet i Molde. Om ronghakar er sjeldne så er høvelbenkar med spor etter bruk av slike enda sjeldnare. Når ein så finn høvelbenken med tilhøyrande hake så kan det nestan ikkje bli betre? Det måtte i så fall vere om snikkaren som hadde brukt benken var i live og kunne demonstrere bruken og fortelje kva slikt vert kalla lokalt? Eg tok kontakt med Øyvind Vestad som er handverkar på Romsdalsmuseet, i tillegg til at han er høvelentusiast. Han var klar over høvelbenken med ronghaken og rykka raskt ut og fekk tatt nokre bilete og sjekka registreringsopplysningane for meg. Eg har planar om ein tur til Molde i  løpet av hausten for å få sett ronghaken sjølv. I påvente av det postar eg med bileta eg fekk frå Øyvind.

Høvelbenken med ronghake på Romsdalsmuseet i Molde. Høvelbenken har registreringsnummer R 6061 og ronghaken har R 6096. Dei kjem frå NIls Klauset i Molde. Dei er utstilt i ein snikkarverkstad i eit hus som kjem frå Tresfjord men høyrer ikkje til i det huset. Foto: Øyvind Vestad, Romsdalsmuseet
Høvelbenken med ronghake på Romsdalsmuseet i Molde. Høvelbenken har registreringsnummer R 6061 og ronghaken har R 6096. Dei kjem frå NIls Klauset i Molde. Dei er utstilt i ein snikkarverkstad i eit hus som kjem frå Tresfjord men høyrer ikkje til i det huset. Foto: Øyvind Vestad, Romsdalsmuseet
Høvelbenken er ein ganske vanleg type med L-forma baktang og framtang med skruve. Plasseringa av ronghaken stemmer godt med at han er brukt i samband med fotsaging/fussing av emne. Foto: Øyvind Vestad
Høvelbenken er ein ganske vanleg type med L-forma baktang og framtang med skruve. Plasseringa av ronghaken stemmer godt med at han er brukt i samband med fotsaging/fussing av emne. Foto: Øyvind Vestad, Romsdalsmuseet
I registreinga av haken er det ikkje med noko nemning. Nemninga ronghake er det eg som har lagt på han. Det er på grunnlag av nemninga som Hans Skeidsvoll frå Tresfjord i Møre og Romsdal har skrive i sitt svar på spørjelista om snikkarhandverket til Norsk Folkeminnesamling på 1930-talet. Foto: Øyvind Vestad
Ronghaken er smidd av to delar som er sveisa saman. Sveisen kan sjå ut som elektrisk sveis men det bør undersøkast nærare. Det kan også vere ein reparasjon. I registreinga av haken er det ikkje med noko nemning. Nemninga ronghake er det eg som har lagt på han. Det er på grunnlag av nemninga som Hans Skeidsvoll frå Tresfjord i Møre og Romsdal har skrive i sitt svar på spørjelista om snikkarhandverket til Norsk Folkeminnesamling på 1930-talet. Det blir ei slags lokal nemning. Legg merke til emnet til ein sletthøvel som ligg i skuffa på høvelbenken. Her er det hogd ut for sponrom men ikkje saga ut for kilegang. Det ser ut til at det meste av merking står att på emnet. Denne skal også undersøkast nærare i løpet av hausten. Foto: Øyvind Vestad, Romsdalsmuseet
Ronghaken i benken. Her ser ein godt kva vinkel det er på foten som ligg an på emnet. Foto: Øyvind Vestad
Ronghaken i benken. Her ser ein godt kva vinkel det er på foten som ligg an på emnet. Foto: Øyvind Vestad, Romsdalsmuseet

Eg takkar Peter og Øyvind som er så observante og delar slikt med oss andre. Det går også rykte om at det finnast fleire ronghakar som er lokalisert men ikkje enda fotografert og registrert. Det er sikkert også fleire høvelbenkar med tilsvarande hol for ronghake. Vi er veldig takksame for tips om slikt og skal prøve å få med mest mogleg på bloggen.

About Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

5 tankar på “Ronghake og høvelbenk på Romsdalsmuseet i Molde

  1. Hålet för «ronghaken» («stämhaken») på den här bänken är placerad på ungefär samma plats som på bänken i Roskilde hantverksmuseum. Vi har exempel från Skoklosterbänken men där är ett av hålen närmre framtången än på dessa två.

    1. I materialet om snikkarhandverket i Norsk Folkeminnesamling er det med eit teikning av høvelbenk med hol i svaret frå S. J. Almås frå Hølonda. Plassering av holet er omlag på same stad.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s