Ronghake frå garden Ullaland i Volda

Gamlestova på garden Ullaland i Austefjorden i Volda. Stova er bygd sist på 1800-talet men det er hus frå så langt tilbake som 1600-talet på garden. Foto: Roald Renmælmo
Gamlestova på garden Ullaland i Austefjorden i Volda. Stova er bygd sist på 1800-talet, men det er hus frå så langt tilbake som 1600-talet på garden. Foto: Roald Renmælmo

Gjennom at eg har skrive på bloggen om ulike delar av høvelbenken har det kome tips frå lesarane. Tidlegare i sommar hadde eg svigerfar, Magne Holmin, frå Volda med i verkstaden i Målselv. Han let seg begeistre av kor bra det fungerte med ein ronghake/kjellingfot i høvelbenken. Ikkje lenge etter han kom attende til Volda kunne han melde at han hadde funne ein tilsvarande hake på garden Ullaland i Austefjorden i Volda. Det var på bruk 2. Olagarden på Ullaland der Jostein, Åshild og sonen Ove har ordna med eit gardsmuseum der gjenstandar frå garden er registrert og stilt ut. Bruket har har historie tilbake til tidleg 1600-tal og det har vore dyktige handverkarar på garden. Det er særleg mykje smedverktøy og snikkarverktøy i samlinga på gardsmuseet. Mellom verktøyet fanns også ein ronghake og nokre benkehakar til ein høvelbenk.

Ronghaken på gaden Ullaland i Austefjorden i Volda. Haken er smidd av bitar jarn og sveisa saman. Den totale lengda er kring 18". Foto: Roald Renmælmo
Ronghaken på gaden Ullaland i Austefjorden i Volda. Foto: Roald Renmælmo

Folket på garden i dag hadde ikkje kjennskap til bruken av haken eller eventuelle nemningar. Det er ein høvelbenk på garden, ein benk som eg vurderer til å vere frå slutten av 1800-talet. Den har ikkje hol i benkeplata for ronghake. Benken har elles L-forma baktange og slike moderne kraftige benkehakar i jarn. På garden har dei og teke vare på eit sett med små benkehakar av ein eldre type som ikkje passar til høvelbenken som er på garden i dag. Det har altså vore ein eldre høvelbenk på garden og denne kan ha hatt hol for ronghaken som er bevart.

Måten haken er smidd på ser ut til å minne mykje om den siste metoden som Mattias Helje fann fram til når han smidde hakane til den kopierte Vasabenken i Mariestad. Ein forskjell er at haken er firkanta i tverrsnittet i stonga til forskjell for den runde som Mattias smidde. Firkanta tverrsnitt på slike hakar er ikkje vanleg. Både det og dimensjonen på stonga (¾») kunne peike på at haken kan ha vore brukt av ein smed og var smidd for å passe i eit firkanta hol i smisteet. Slike hol i smisteet for hoggtann og liknande kan gjerne vere ¾» i firkant. Det som peikar mot dette er den lange stonga som ville vere unødig lang for slik bruk. I tillegg er dimensjonane nokså smekre for å brukast i ei smie. Andreas Westin frå Henning i Nord-Trøndelag har i sitt svar til spørjelista om snikkarhandverket skrive at det var vanleg med eit firkanta hol i høvelbenken til ein knikt eller hake som dei brukte for å spenne fast emne som skulle høvlast eller kløyvast med sag. Han skriv ikkje spesielt at haken var firkanta i tverrsnittet, men det kan tenkast. Ut frå dette vurderer eg det slik at haken frå Ullaland er ein ronghake som har vore brukt i ein eldre høvelbenk. Det kan vere at det dukkar opp slike høvelbenkar området. Den firkanta stonga kan faktisk brukast i hola for benkehakar i ein del nyare høvelbenkar. Sidan hakeholrekka som regel ligg nær kanten av benkeplata så vil ikkje dette vere særleg praktisk for fotsaging eller liknande.

Kjelder

Per Årviknes. «Volda-soga II, gardar og slekter». Volda 1971 

About Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

3 tankar på “Ronghake frå garden Ullaland i Volda

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s