
Høvelbenken og framtanga sett frå undersida. I undersida av benkeplata er det i forlenginga av framtangeskruven spor etter at benken har stått på ein fot eller eit understell som har hatt ein eller fleire stiftar som har halde benkeplata på plass. Understellet kan ha vore veggfast og snikra av material ein hadde for handa og har difor ikkje fått følgje med høvelbenken til museet. Foto: Roald Renmælmo