Smiing av killingfot, revidert framgangsmåte

Gjennom arbeidet med å snikre kopi av høvelbenken frå Vasaskipet har eg og Tomas lært mykje om den originale benken på Vasamuseet. Vi har besøkt museet tre gongar for å sjekke ulike detaljar på det som er bevart av benken. I tillegg har vi gjort fleire eigne undersøkingar kring det som manglar på benken. Kva spikar kan ha vore brukt som festemiddel på dei ulike delane?  Kva typar av framtang kan det ha vore på benken? Kva benkehake kan ha stått i benken?

Smeden Mattias Helje smir på emne til armen på ein killingfot. Legg merke til at han har vatn på smisteet og på hammaren. Når det varme jernet blir smidd på steet med vatn på blir det kraftige smell av dampen og det fjernar det meste av glødeskalet. Overflata på jarnet vert slettare og glattare på den måten. Foto: Roald Renmælmo
Smeden Mattias Helje smir på emne til armen på ein killingfot. Legg merke til at han har vatn på smisteet og på hammaren. Når det varme jernet blir smidd på steet med vatn på blir det kraftige smell av dampen og det fjernar det meste av glødeskalet. Det er den siste slettsmiinga ein brukar vatn på. Overflata på jarnet vert slettare og glattare på den måten. Foto: Roald Renmælmo

Det er killingfot som har hatt det største fokuset. Vi har hatt ein delstudie på spørjelistemateriale og fått Øystein Myhre til å smi nokre ulike variantar på grunnlag av dette materialet. Vi har fått smeden Mattias Helje til å smi kopiar av ein gamal hake som Tomas har fått tak i frå Gärds Köpinge i  Skåne i Sverige. Denne siste har Mattias smidd på ulike måtar for å prøve å kome så nær som mogleg slik vi tolkar at den originale er smidd. Eg fekk høve til å vere saman med han då han smidde den siste killingfoten som vi skal bruke til høvelbenken i Mariestad. Eg har dokumentert framgangsmåten med foto undervegs og har sett saman dette til eit billedgalleri. Klikk på bileta for større visning med forklarande tekst. Gå mellom bileta med piltastane på tastaturet.

Utgangspunktet for smiinga er oppmålingsteikninga som Tomas Karlsson har laga av den originale killingfoten. Spesielt for denne typen er den tydelege klakken for å slå på for å spenne killingfoten. Mattias har tolka det slik at klakken kjem som eit resultat av smiinga. Det var sjølvsagt også intensjonen til smeden at den skulle bli slik for å fungere godt. Ut frå erfaringa vår med bruk av slike killingføter så har vi bestemt oss for at stonga som skal gå gjennom holet i høvelbenken skal vere rund og janmtjukk i heile arbeidslengda. Det er ikkje slik på originalen slik han framstår i dag.  Det gjer at han må ha eit unødig stort hol og såleis ikkje verkar så godt. Oppmålingsteikninga til Tomas.

About Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

5 tankar på “Smiing av killingfot, revidert framgangsmåte

  1. Takk for fint innlegg. Du skriver at dette er ikke slik den originale foten framstår i dag, mht tykkelsen på stammen på den nye jfr stammetykkelsen på oppmålingstegningen. Dermed går jeg ut fra at dere har rekonstruert en fortidig situsasjon, eller evt forbedret fortiden, og uansett ikke laget en kopi. Men kan du si noe om hvorfor originalen ikke er jamntykk i dag, (og dermed også hvorfor du tror den har vært jamntjukk tidligere), om du mener den har vært det. Evt. motsatt, hvorfor har den ikke allitd vært jamntjukk og hvorfor kan det ha vært godtatt eller evt. ønsket? t.

    1. Hei Terje. Takk for spørsmål om korfor den originale framstår slik. Eg har ei mogleg forklaring. Killingfoten er veldig rusten, spesielt der den er tynnast. Det kan vere på grunn av at han har stått i ein benk av eik som ikkje var tørr? Då har han rusta kraftig i midtpartiet. Over tid har det ført til at materialet har forsvunnet. Området over og under benkeplata har vore tørt og har derfor rusta mindre.

      Vi har justert diameter på stammen ut frå hola i Vasabenken. Tomas har brukt den originale killingfoten og sett at den fungerer slik den er. Likevel såg han at det ikkje var bra å måtte ha så stort hol i benken. Killingfoten låser dårlegare og slit meir på holet. Vi kan ha forbetra fortida? Eg ser likevel ikkje nokon grunn til at den originale skulle ha minste diameter midt på stammen? Om du har andre forslag så må du gjerne kome med dei her.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s