Måleri av snikkarverkstad frå 1881

I ein tidlegare post om snikkarverkstaden til Ole Ellingsen Bruheim i Verdal fekk eg kommentarar med lenke til eit måleri av Carl Larsson som viste arbeidet i ein snikkarverkstad i 1905. Det var mange interessante detaljar i måleriet,  men det var også detaljar som var vanskelege forstå. Truleg var det ikkje tekniske detaljar på høvelbenken som var det mest interessante for målaren?

I Noreg har målaren Nils Gustav Wentzel måla eit måleri i 1881 som fekk tittelen «Snekkerverksted«. Wentzel fann motivet i sin eige barndomsheim der snikkaren på biletet leigde verkstad av far til Wentzel, som sjølv dreiv som salmakarmeister i huset. (Alsvik 1958) Rommet har panel og inventar som ein skulle vente i eit bygård i Oslo. Det er også bilete på veggane som peiker på at det er eit rom der det bur folk. Måleriet vart opphavleg refusert i Kunstforeningen, men ved hjelp av nokre kunstnarvener fekk Wentzel laga ei alternativ utstilling av biletet hos Albert Cammermeyer. Dette var opphavet til Høstutstillingen som etterkvart vart ei årleg kunstutstilling. Wentzel hadde sjølv gått i murarlære frå han var 15 år gamal og hadde planar om å utdanne seg til arkitekt. Han hadde nok eit blikk for å få med seg detaljar i handverket til snikkaren også.

Snikkaren har funne seg ein mørk krok til høvelbenken sin, det var nok ikkje godt å sjå merking og slik på sida som vendte mot han. Over benken har han ei parafinlampe som truleg var nødvendig store delar av dagen? På etasjeomnen står limpotta.
«Snekkerverkstedet» av Nils Gustav Wentzel, 1881. Snikkaren har funne seg ein mørk krok til høvelbenken sin, det var nok ikkje godt å sjå merking og slik på sida som vendte mot han. Over benken har han ei parafinlampe som truleg var nødvendig store delar av dagen? På etasjeomnen står limpotta. Biletet er henta frå Wikipedia.

Snikkaren har ein ganske enkel liten høvelbenk av tilsvarande type som den Carl Larsson måla. Høvlane verkar å vere ganske moderne med horn som fungerer som handtak for venstre hand. Snikkaren held også høvelen med eit fast grep på dette «handtaket». Han har også høgre hand plasser i bakkant av høvelstokken og skuvar høvelen framom seg. Ein del sager og vinklar er hengt på veggen og er lett tilgjengeleg. Han har limt saman to bitar som står i spenn med ei tvinge i nedre venstre billedkant. Stolen fremst i biletet er spent saman med ei tvinge. Kanskje er denne til reparasjon?

Dette verkar ikkje å vere ein verkstad med stor produksjon? Kanskje ein høveleg verkstad for reparasjonar og slikt? På gardane var ein snikkarverkstad nødvendig for å produsere det ein trong på garden. Det er godt mogleg det var tilsvarande små verkstader også i byar som Oslo. Verkstader der ein kunne reparere og lage forskjellig til eige behov. I så fall er kanskje verkstaden på biletet ein slik verkstad? Christian Krohg skreiv om biletet: «Det forestillet en pukkelrygget snekker i sitt verksted. Det eneste som ikke var riktig godt var høvelflisen på gulvet». Om Wentzel vart betre på å male «høvelflis» er vanskeleg å seie sidan han ikkje måla fleie bilete av snikkarverkstader. Det er truleg at det var den dårlege attgjevinga av høvelspona som var grunnen til at biletet vart refusert? Refuseringa av biletet var direkte årsak til at den seinare så kjende Høstutstillingen vart oppretta. Hadde Wentzel vore betre til å måle høvelspon hadde vi kanskje ikkje hatt Høstustillingen? Wentzel måla seinare ei rekke bilete som viser arbeidarbustader i Oslo men heldt seg unna å høvle fleire snikkarverkstader. Det er fleire måleri av snikkarverkstader av andre norske kunstnarar frå denne tida så det er meir i vente her på bloggen.

Kjelder:

Otlu Alsvik, «Håndverkeren i norsk kunst», artikkel i «Håndverksliv» bind 2, 1958.

About Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

Ein tanke på “Måleri av snikkarverkstad frå 1881

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s