Den «normale» høvelbenken i Noreg

Gjennom arbeidet vårt med bloggen har vi så langt hatt eit fokus på, det som for mange kan sjå ut som, spesielle høvelbenkar. Benken frå Vasaskipet, benken frå Siljansnäs, den frå Li i Suldal, benk frå Nordmøre, benken frå Holstvollen og benken frå Eggagården på Røros er alle døme på benkar som ein vanlegvis ikkje kjem over. Benkane er spesielle på ein eller annan måte, kanskje dei er eldre enn den «normale» høvelbenken eller at dei har spesielle detaljar som vekkjer vår interesse? For å vise eit døme på korleis «normale» høvelbenkar kan sjå ut så har eg gjort eit søk på ordet «høvelbenk» på Finn torget, ein nettstad for kjøp og sal av brukt og nytt. Søket er gjort 18. mai 2014 og adressa til nettstaden er http://www.finn.no. Tidspunktet for søket er tilfeldig, men sidan dette er på våren så er det nok fleire som nyleg har rydda loft, kjellar og garasje og såleis er det kanskje fleire høvelbenkar enn på andre tider av året. Eg har utelate benkane frå nokre annonser sidan dei mangla bilete eller hadde bilete med for dårleg kvalitet til at ein kan sjå kva benk det er snakk om. Elles er alle benkane med. Der det er gjeve opp mål eller andre opplysningar i annonsen er desse tatt med i teksten under bileta. Klikk på eit bilete for å opne det i visningsmodus og bruk piltastane for å navigere mellom bileta.

Denne serien med bilete kan ikkje seiast å vere representativ for norske høvelbenkar. Utvalet er ikkje eit resultat av nøye kartlegging av mange benkar og så systematisert. Etter mi vurdering meiner eg likevel at denne samlinga kan gi eit bra bilete av kva typar benkar som er vanlege å finne rundt om i landet. Dette er det folk gjerne kallar høvelbenk. Det er også slike vi finn mest av rundt om på musea i Noreg.

Dei spesielle benkane slik som den tidlegare omtalte høvelbenken frå Helberg eller høvelbenk frå Nordmøre ville neppe dukke opp på Finn. Vanlege folk oppfattar ikkje desse som «høvelbenkar» sidan dei manglar mange av dei vanlege kjenneteikna. Arbeidsbenkar som er laga som meir provisoriske benkar på arbeidsplass ville nok heller aldri dukke opp i slike samanhengar som dette? Det er bakgrunnen til at vi har hatt eit særleg fokus på dei spesielle høvelbenkane på bloggen. Vi vil nok framleis ha eit særleg fokus på benkar som er noko utanom det vanlege.

About Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

Ein tanke på “Den «normale» høvelbenken i Noreg

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s