Eg har leita material til benkeplate til kopien av høvelbenken frå Helberg. Eg hadde ikkje 4″ tjukke plankar i høveleg breidde og lengde så eg må improvisere litt. Eg hadde ein 3″ plank saga på oppgangssaga i Aursfjord i høveleg lengde og bredde. Planken var solvinn (venstrevridd) og har vridd seg under tørking. For å rette opp det festa eg planken på høgkant og laga ein loddstrek i kvar ende og snorslo mellom desse. Det viste seg å vere 16-18 mm med ved som måtte bort på dei høgste punkta. Eg gjekk derfor på med ei lita Mustad snikkarbile og grovhogg til det var omlag 3 mm att til streken. Etter det høvla eg med ulike høvlar til det vart flatt nok. Eg har laga ein liten serie med foto som viser arbeidet.
Ei Mustad snikkarbile på 1.2 kilo med runda framhynn og bakhynn kan gi eit tydleg mønster i overflata. Eg hogg frå begge sider inn mot midten og prøvde å hogge så flatt som mogleg. Hogginga tok ca ½ time. Foto: Roald Renmælmo
Snikkarbila på den ferdig hogde flata. Planken var solvind i veden (venstrevridd) så eg passa på å hogge med veden på begge sider. Foto: Roald Renmælmo
Den grovaste okshøvelen, skrubboksen har ei tann som er 2 ¼» . Eg stilte tanna så ho stakk 0,8 mm ut, målt vinkelrett på sålen. Høvelen tok då spon på 0,8 mm tjukne. dette verka ganske høveleg å bruke på den hogde overflata. Foto: Roald Renmælmo
Undervegs i høvlinga passa eg på å sikte etter om flata var plan og at eg høvla bort vinninga. Denne grovhøvlinga tok ein liten time. Foto: Roald Renmælmo
For å jamne flata brukte eg slettoksen etter skrubboksen. Høvelen har eit stål som er 3″ bredt og har ein 14 ½» lang høvelstokk. Eg stilte tanna til å ta spon på 0,2 mm for å slette best mogleg. Foto: Roald Renmælmo
Langhøvelen er ein alen lang og har ei tann på 2 ⅛» bredde. Eg stilte tanna til å ta spon på 0,2 mm. Med denne høvelen høvla eg begge kantane så rette som mogleg og høvla litt diagonalt for å fjerne eventuell kul på midten. Foto: Roald Renmælmo
Ein tanke på “Retting av benkeplate til høvelbenk”