Dendrodatering av høvelbenken frå Helberg i Bardu

Høvelbenken frå Helberg i Bardu har vore omtalt i ein tidlegare post. Benken som er 6 alen lang, 4" tjukk og 14" brei er av furu. Furu er mogleg å datere ved hjelp av dendrokronolig. Foto: Roald Renmælmo
Høvelbenken frå Helberg i Bardu har vore omtalt i ein tidlegare post. Benken som er 6 alen lang, 4″ tjukk og 14″ brei er av furu. Furu er mogleg å datere ved hjelp av dendrokronolig. Foto: Roald Renmælmo

På bloggen vår er det kartlegging av høvelbenkar i Noreg og Sverige som er i fokus. Høvelbenkar som benken i Vasaskipet er spesielt interessante sidan vi kan sette benken inn i ein samanheng med bygginga av skipet, vi kan tidfeste benken nøyaktig til forliset i 1628 og vi kan sjå benken i samband med verktøyet i skipet. Høvelbenken frå Helberg i Bardu er i ein samanheng gjennom si geografiske plassering. Busettinga i Bardu tok til sist på 1700-talet, men dei fleste gardane vart etablert tidleg på 1800-talet. Det gir ei tidsramme for verktøy, hus og høvelbenkar i dette området. For Sørdalen sin del, der både Helberg og Sørgård ligg, fekk hovudbruka rydningssetel frå 1821.

I nærområdet til garden Helberg har dei to mest kjende snikkarane i Indre Troms budd og arbeidd. Både Knut Larsen Høis (1799-1882) og Jon Jonsen Sørgård (1796-1865) har verka her. Verktøyet etter desse er ei sentral kjelde for meg i mitt arbeid med å undersøkje snikkarhandverket i første halvdel av 1800-talet. Difor er eg også spesielt oppteken av om det er mogleg å finne høvelbenkar i området som desse to kan ha brukt? På Sørgård finnast ein høvelbenk som er interessant i så måte. Den er dessverre vanskeleg å tidfeste sikkert. Når eg kom over benken på Helberg og såg at denne var laga av furu så tenkte eg snart på at det har vore nyttig å få dendrodatert benken. Dette for å sjå om han kan vere så gamal at han kan vere brukt av desse snikkarane.

Årringane i endeveden på høvelbenken frå Helberg. Kvar årring er market med eit blått kryss som definerer overgangen mellom dei. Ved å måle avstandane mellom årringane får vi fram eit veksemønster som kan sjåast i samanheng med referansekurvar og tidfestast på denne måten. Foto: Andreas Kirchhefer
Årringane i endeveden på høvelbenken frå Helberg. Kvar årring er market med eit blått kryss som definerer overgangen mellom dei. Ved å måle breidda på kvar enkelt årring får vi fram eit veksemønster som kan sjåast i samanheng med referansekurvar og tidfestast på denne måten. Foto: Andreas Kirchhefer

Dendrokronolgi er ein metode for datering av fellingsåret for tømmer. Årringane varierer i samband med vekstvilkåra dei enkelte år. Når ein måler årring-breidder dannar målinga eit mønster som kan passe meir eller mindre med mønster frå tømmer som vi har målingar av frå tidlegare. Når materialen eller tømmeret har bevart ytste årring, at ein kan sjå overflata under barken, kan ein bestemme nøyaktig på året treet slutta å vekse. Dendroøkologen Andreas Kirchhefer i Tromsø har spesialisert seg på dendrodaterig av gamalt tømmer og material. Han har gjort mykje arbeid i Troms og har derfor mykje referansemateriale frå område som er relevante for datering av høvelbenken frå Helberg. Andreas har fotografert endeveden på høvelbenken for å dokumentere årringmønsteret.

For å få mest mogleg detaljerte bilete av årringane har Andreas skore reint eit parti av endeveden på høvelbenken  og flata gnidd inn med krit. Fotografia er tatt med makroobjektiv og har tetthet på kring 3960 dpi. Avstanden mellom årringane vart så berekna av ein spesiell programvare som brukar digitalfotoet som utgangspunkt. Foto: Andreas Kirchhefer
For å få mest mogleg detaljerte bilete av årringane har Andreas skore reint eit parti av endeveden på høvelbenken og flata gnidd inn med krit. Dette vart så fotografert med eit makroobjektiv på høg oppløysing, biletet over er berre oversiktsbiletet og har ikkje tilstrekkeleg oppløysing for nøyaktig måling. Årring-breiddene vart så berekna av ein spesiell programvare som brukar digitalfotoet som utgangspunkt. Foto: Andreas Kirchhefer
Datering

I endeveden er det målt 190 årringar. Den ytste av desse er datert til året 1749 og den inste til året 1560.  Det er ikkje påvist marg eller geitved i benken så vi  kan ikkje bestemme nøyaktig når furua starta å vekse eller når ho vart hogd. Andreas har difor prøvd seg med å statistisk berekne årringar inn til marg og ut til geitved. Særleg sidan vi ikkje har klart å påvise geitved er det vanskeleg å rekne ut hogståret. Om vi går ut frå at det ikkje er langt frå siste årring i prøven til geitveden, så foreslår han ut frå geitvedstatistikken at furua kan vere hogd ca. 1850. Vi kan ikkje vite om det manglar årringar frå siste årring i prøven og til geitveden så årstalet er usikkert. (Kirchhefer, 2014) I den fullstendige rapporten frå Andreas kan du lese korleis desse utrekningane er gjort og korleis han tolkar materialet. Dette er nok fyste gong nokon har freista å datere ein høvelbenk ved hjelp av dendrokronolgi så vi skriv historie med dette arbeidet.

For å supplere dendrodateringa til Andreas kan vi også sjå på spor på sjølve høvelbenken. Dei dominerande spora er etter oppgangssaga som stokken er saga på. Her er det både spor etter utkløyving i enden og markerte spor etter saginga på sider og kantar. Bardu historielag har gjort eit stort arbeid med å kartlegge saghistoria i Bardu kommune og samle dette i eit hefte med tittelen «Oppgangssager i Bardu, 1800 – 1935». Her har dei med litt om ei sag der Oddbjørn Helberg, brukar på Helberg var deleigar. Denne saga var lagt til Melhus-Tverrelva og låg på garden Melhus, ikkje langt frå Helberg. I heftet skriv dei at saga sannsynlig ble bygd rundt 1850, men nemner ikkje kor lenge ho var i drift. Saga stod i ei elv som ofte er svært flomstor så det er truleg saga har gått med i ein flom. Den tidlegaste saga i Bardu vart bygd kring år 1800. (Haugli og Østvik, 1996)

I enden av høvelbenken er det tydeleg utkløyving den siste biten. Dette er typisk for enkeltblada oppgangsager der stokken ligg berre på fram- og bakdyna. Ein ser også at det er regelmessig vinkel og avstand mellom kvart sagtak. Det er liten frammating som ein skulle vente av ein stokk av så stor dimensjon. Foto: Roald Renmælmo
I enden av høvelbenken er det tydeleg utkløyving den siste biten. Dette er typisk for enkeltblada oppgangsager der stokken ligg berre på fram- og bakdyna. Ein ser også at det er regelmessig vinkel og avstand mellom kvart sagtak. Det er liten frammating som ein skulle vente av ein stokk av så stor dimensjon. Stokken kan vere saga på oppgangssaga i Melhus-Tverrelva, gjerne kring 1850? Foto: Roald Renmælmo

Vi har ikkje kome fram til eit presist fellingsår for furua som er brukt til høvelbenken. Vi har likevel vist at det er sannsynleg at benken er så gamal at både Knut Larsen Høis og Jon Jonsen Sørgård var i aktivitet på den tida han var i bruk. Det er ikkje mange gardar i Sørdalen i Bardu så dette er eit og same tradisjonsområde. Verktøyet og arbeidet til Knut  og Jon høyrer til same lokale tradisjon som høvelbenken på Helberg. Likevel er nok benken laga og brukt til eit spesielt arbeid og dekkjer nødvendigvis ikkje alle behov ein snikkar har for å høvle og feste ulike emne. Kva snikkararbeid denne benken kan ha vore brukt til vil eg kome tilbake til i ein seinare post.

Kjelder:

Haugli, Ola S. og Østvik, Kolbjørn: «Bruk av oppgangssag i Bardu». Bardu historielag, 1996

Kirchhefer, Andras: «Dendrokronologisk analyse av høvelbenken fra gården Helberg, Bardu kommune«, Rapport 08/2014. 7s

 

About Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s