
Etter å ha kopiert langbenken har me nytta den til å høvle kledning til løa i Viga. Mengden bord som skulle høvlast (ca 140 m2) tvinga oss til å tenkje rasjonalisering. Og sidan dette var fyrste gongen vart det litt prøving. Noko av kledningen me høvla var fem alen langt, altså lenger enn benken vår. Det førte til flytting av bordet att og fram på benken. Dette var ikkje eit så stort problem at det ikkje gjekk, men me ser det som ein fordel å ha ein benk som er litt lenger enn emnet.


Me har undervegs handhøvla både maskinelt tjukna bord, kunstig- og naturleg tørka og uhøvla bord. Også bord som var kanta på ei side og ukanta bord. Dette kan det diskuterast mykje rundt. Men nokre erfaringar har me gjordt. Borda misser ein god del bredde når stokken vert kanta før oppdeling. Fleire av dei ukanta borda var såpass beine at dei kunne rett i strykebenken, utan å snorslå og økse fyrst. Det hadde vore ein fordel om stokkane vart barka før skjering. Ein tener lite på å tjukne borda maskinelt på førehand med tanke på arbeidsmengda med håndhøvlinga etterpå.
Benken fungerer ypperleg både til å høvle på og som arbeidsbenk til f.eks. kanting og barking av bord med øks. Den er og lett å frakte med seg.
![IMG_0998[1]](https://hyvelbenk.files.wordpress.com/2014/03/img_09981.jpg?w=611&h=458)
Slike prosjekt kan vere veldig nyttige sidan ein får erfaringar ein elles ikkje ville fått om ein høvla eit par bord for å prøve prinsippet og kjørte resten som maskinproduksjon.
Eg er litt spent på kva erfaringar de hadde med kunstig tørka bord? Sjølv har eg erfart at det skjer noko med materialen som er vanskeleg å forklare. Når eg høvlar slik material får eg berre korte høvelspon som krøllar seg og ser ut som kutterspon. Dette er når materialen er heilt tørr. Det blir også større problem med hard kvist på slik material. Eg lurer på om dette skuldast den høge temperaturen ein brukar i slik kunstig tørking? Materialen blir varma opp til kring 85 grader for å kunne tørkast raskast mogleg utan å få for mykje tørkesprekker. Eg trur det kan føre til at materialen får endra eigenskapar? Eg har lese om at det har vore problem med maskinhøvling av gran som er kunstig tørka. Kvisten blir sprø og blir knust under høvling (kvistutslag). Ved å redusere litt på temperaturen i tørkinga kan desse skadane reduserast.
http://www.treteknisk.no/Tørketriks_før_høvling,_Sandland,_TTF-møte_jevnaker_23._mai_2013_M5fFJ.pdf.file
Eg synast sjølv eg opplever stor skilnad på material som er lufttørka og material som er kunstig tørka. Material er ikkje det same som material så erfaringane kan også skuldast andre faktorar?
At det skjer noko med materialen ved kunstig tørking er me og overtydde om. Det fyrste me la merke til var at spona (kort spon som Roald beskriv) var svært statisk, den hang over alt. Det skal leggast til at det var den kunstig tørka materialen som og var tjukna på førehand. På side 3 i linken til treteknisk er eit bilete av eit bord som kuvar «feil veg». det opplevde me på nokre bord. spesielt dei borda med minst andel adl. Dei var håplause å høvle for hand. Me registrerte og forskjell på kvistane, det sprutar meir av kvist på kunstig tørka material.
Når det gjeld tjuknaren så oppstår det hakk i kniven etter ein del meter og den vert sløv. Dette fører til nedpressing av ved og ein rygg etter hakket. Dette er tilsynelatande lett å høvle vekk for hand etterpå. Men når at borda kjem ut i fuktigare luft vil resten av den nedpressa veden (om ein ikkje håndhøvlar nok av) reise seg og ryggen etter hakket stig opp att. Dette vert det betydeleg meirarbeid av…
Kjekt å finne denne drøftinga! Kjenner att problemstillingane, og synast også det er vanskeleg å eksakt beskrive det som skjer med fibrane til kunstig tørka trevirke. Eg har laga ein del årar til folk gjennom tida. Når eg har vore i beit for material, har eg måtta ty til «snikkarfuru» frå ein byggvarebutikk. Dette er svensk material. Når eg brukar øksa til grovhogging, blir det ikkje fine lange avbryt, men korte som lett fell av. Åra blir elastisk, fordi ho ikkje er tjukk, men styrken er nok mykje mindre enn om emnet var naturtørka, og emnet frå seig ved i mot hunveden.
Takk for innspelet. Dette stemmer godt med mine erfaringer også. Alt eg gjer med skjerande verktøy på kunstig tørka material blir annleis enn med lufttørka. Eg har nyleg gjort nokre forsøk med naturleg tørking av golvbord som eg har høvla for hand. Materialen er nydelig å arbeide med. Eg har skrive om dette på nokre bloggpostar på ein anna blogg. http://skottbenk.wordpress.com
I høve til spørsmålet om tørking av material så er det ein fersk post på bloggen til Norsk Skottbenk Union som tar for seg dette emnet. Her skriv dei om tørking av material i badstua og korleis dei seinare høvla denne materialen.
http://skottbenk.wordpress.com/2014/04/03/bestefarboka/