Høvelbenken i Mariestad er på føtene

Tomas tappar ut for tappen til framfot. Tappen er i full breidde og er ca, 44 mm tjukk og trekt inn 30 mm frå kanten. Vi tappa ut på same måten som Tomas, med to smale tapphol med lokkbeitel på 8 eller 12 mm i kvar side. Foto: Roald Renmælmo
Tomas tappar ut for tappen til framfot. Tappen er i full breidde og er ca, 44 mm tjukk og trekt inn 30 mm frå kanten. Vi tappa ut på same måten som Tomas, med to smale tapphol med lokkbeitel på 8 eller 12 mm i kvar side. Her prøver Tomas min lokkbeitel på 5/16″ (8 mm) av engelsk fabrikat med stempel: P. LAW. Truleg eit 1700-tals verktøy. Foto: Roald Renmælmo

Tidlegare i veka kunne vi ta vår nye verkstad i Mariestad i bruk. Vi har meir langsiktige planar med eit bygg som tidlegare har vore ein snikkarverkstad i Mariestad og som vi har fått lovnad på. I påvente av at dette vert flytta til byggøvingsgården på Johannesberg i Mariestad har vi tatt i bruk eit lite tømmerhus som er sett opp som eit øvingsobjekt på eit tømringskurs. Huset har flott furugolv og har leirklining på tømmerveggane. Det verkar som eit bra hus for vår snikkarverkstad med fokus på 1600-tals snikring. Det har vore brukt som lager ei tid og vi arbeider med å omplassere noko av det som har vore lagra der. Etter lett rydding har vi fått plass til materialane til høvelbenken og til å arbeide med samansettinga av benken. Etterkvart vil vi rydde ut alt som ikkje høyrer heime på ein slik snikkarverkstad og innreie med det vi treng for å arbeide med forsøk med historisk snikkararbeid.

Tapphola til føtene vart tappa ut på den måten at vi brukte lokkbeitel og hogg ut eit spor inntil streken på kvar side. Vi hogg til omlag rett djup på 2". Til merkinga brukte vi ripmot og rissnål. Foto: Roald Renmælmo
Tapphola til føtene vart tappa ut på den måten at vi brukte lokkbeitel og hogg ut eit spor inntil streken på kvar side. Vi hogg til omlag rett djup på 2″. Til merkinga brukte vi ripmot og rissnål. Foto: Roald Renmælmo
Den veden som stod att midt på vart hogd ut med eit 1" hoggjarn. Dette er smidd av Øystein Myhre med pålagt eggstål. Det var stor belastning på tappjarna i den harde eika og nokre andre jarn fekk skadar i eggen. Dette jarnet kom skadefritt i frå arbeidet. Foto: Roald Renmælmo
Den veden som stod att midt på vart hogd ut med eit 1″ hoggjarn. Dette er smidd av Øystein Myhre med pålagt eggstål. Det var stor belastning på tappjarna i den harde eika og nokre andre jarn fekk skadar i eggen. Dette jarnet kom skadefritt i frå arbeidet. Foto: Roald Renmælmo
Tapphola er ferdige. Framfoten med tappen ligg til høgre på benken. Tappen på strekkfisken er synleg i venstre kant. Foto: Roald Renmælmo
Tapphola er ferdige. Framfoten med tappen ligg til høgre på benken. Tappen på strekkfisken er synleg i venstre kant. Vi drøfta korfor tappen på føtene er lagt til eine sida og ikkje er sentrert med ei skulder på kvar side? Om vi reduserte tjukna på tappen til 1″ så kunne vi fint ha fått ei god skulder på innsida. Vi hadde då spart litt arbeid på tappholet men fått litt meir arbeid med saging av tapp. Det har vore lettare å få nøyaktig tilpassing av foten og få den stødig. Eg trur eg vil gå for ei slik løysing om eg skal byggje fleire slike benkar. Foto: Roald Renmælmo
Tomas arbeider med tverrtrea på benken som står på føtene sine. Tverrtrea vart tilpassa og spikra fast med smidde spikar. Foto: Roald Renmælmo
Tomas arbeider med tverrtrea på benken som står på føtene sine. Tverrtrea vart tilpassa og spikra fast med smidde spikar. Foto: Roald Renmælmo
Killingfot, benkehake og spikar til benken. Dette er smidd av Mattias Helje. Vi kom ikkje så langt at vi fekk laga hol for benkehake og killingfot. Vi har fått spikra eine tverrtreet. Foto: Roald Renmælmo
Killingfot, benkehake og spikar til benken. Dette er smidd av Mattias Helje. Vi kom ikkje så langt at vi fekk laga hol for benkehake og killingfot. Vi har fått spikra eine tverrtreet. Foto: Roald Renmælmo

Tomas bur 20 mil frå Mariestad og er regelmessig der for å undervise studentar. Eg bur nesten 180 mil unna og er ikkje så ofte i Mariestad som Tomas. Det blir derfor litt organisering for å passe inn at vi kan vere dei same dagane i Mariestad for å snikre vidare på høvelbenken. Vi har ikkje fastsett dato for neste arbeidsøkt, men det blir i løpet av våren. Arbeidet som gjenstår er å rette av benkeplata, spikre tappane til føtene fast i benkeplata, nagle tappane i strekkfisken og bore hol for killingføter og benkehake. For benkeplata sin del er det bra å vente litt med rettinga til materialen har fått gått seg til skikkelig i det nye lokalet.

About Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

2 tankar på “Høvelbenken i Mariestad er på føtene

    1. Takk for det. Jarnet bit godt frå seg. Det var vel det som var meininga til smeden også? Det merkast godt på verktøyet når ein tappar i slik hard og seig material.

      Eg har nokre lokkbeitlar som du har smidd og som skal prøvast etterkvart. Det er mykje tydelegare på eika om lokkbeitelen fungerer bra. På furu kan ein sleppe unna med mindre feil og likevel få gjort det ein skal.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s