Vasabenken og verktøyet

Åke Claesson Rålamb (1651-1718) var forfattar av ein bokserie som kom ut mellom 1690 og 1694. Den eine boka "Skeppsbyggerij" har med ei oversikt over verktøy. "Viser allehånde timmermens redskap og verktyg huru the i Swerige som andra lånder åre brukeligaste". Fig 1, Enyxa på Engelsk maneer. Fig. 16, Een Swensk eller Hållensk Skarffyxa. Fig. 18, Handsåg med skaft som brukas i Hålland och Swerige. Figur: Frå boka "Skeppsbyggerij", Åke Claesson Rålamb, Stockholm, 1691
Åke Claesson Rålamb (1651-1718) var forfattar av ein bokserie som kom ut mellom 1690 og 1694. Den eine boka «Skeppsbyggerij» har med ei oversikt over verktøy. «Viser allehånde timmermens redskap og verktyg huru the i Swerige som andra länder äre brukeligaste». Fig 1, En yxa på Engelsk maneer. Fig. 16, Een Swensk eller Hållensk Skarffyxa. Fig. 18, Handsåg med skaft som brukas i Hålland och Swerige. Figur: Frå boka «Skeppsbyggerij», Åke Claesson Rålamb, Stockholm, 1691. Kopparstikka er hans eigne.

Oversikta til Rålamb er seinare enn Vasaskipet og høvelbenken som vi fokuserer på, men kan vere nyttig for å sette verktøyet inn i ein samanheng. Han skriv namn på dei ulike verktøya og skriv også om det er verktøy som er typisk svensk, hollandsk eller engelsk. Det viser at det var skilnad på verktøy i dei ulike landa på den tida, men samtidig var alt dette verktøyet tilgjengeleg for Rålamb. (Rålamb, 1691) Vasaskipet var eit stort og krevjande skip og bygge og dyktige handverkarar frå Sverige, Holland, Tyskland og truleg fleire land var involvert i arbeidet. Her var det både handverkskompetanse og verktøy frå ulike land. (Hocker, 2011) Verktøyet som er funnet om bord på skipet er veldig spennande sidan det gir oss kunnskap om kva verktøy som var ombord på skipet den dagen det forliste i år 1628. Marinarkeologen Carl Olof Cederlund har skrive ein artikkel om verktøyet som ble funnet i ei kiste på trossdekket. Der samanliknar han med verktøyet til Rålamb og verktøykista frå briggen Falken som var i drift frå 1877-1944. Han ser mange fellestrekk i desse verktøysamlingane. (Cederlund, 1963) Det er også ein bloggpost på bloggen St. Thomas Guild som tar for seg verktøyet frå Vasaskipet

I denne samanghengen er det vi må sjå høvelbenken i Vasaskipet. Vi er interessert i kva arbeid som ble gjort på benken og kva verktøy som kan ha vore i bruk av snikkaren som nytta benken. Vi er også interessert i kva verktøy som kan ha blitt brukt til å snikre sjølve benken. Det er dessverre få verktøyspor med klare signaturer etter spesielle verktøy på sjølve benken. Vi kan sjå at det er bora hol i benkeplata og at dei best bevarte hola har ein diameter på kring ein tomme. Ut frå det kan vi ikkje seie så mykje om den detaljerte utforminga på boret som har vore brukt, men vi kan seie at boret har hatt eit skjer som laga eit hol på kring ein tomme i diameter.  Vi kan og sjå at dei ulike delane har vore retta og kanta. Sjølv om vi ikkje ser tydelege spor etter høvelen så er vi nokså sikre på at delane er høvla fram til den forma dei har. Det er  ein del høvlar som er funnet i vraket. Den mest kjente er nok sletthøvelen frå verktøykista som ble funnet på trossedekket.

Denne sletthøvelen var med i verktøykista som ble funnet på trossedekket i Vasaskipet. I kista var det berre denne eine høvelen. Den minner mest om høvlar frå Holland men finnast ingen god oversikt over korleis svenske høvlar var utforma på denne tida. Foto: Roald Renmælmo
Sletthøvelen var med i verktøykista som ble funnet på trossedekket i Vasaskipet. I kista var det berre denne eine høvelen. Den minner mest om høvlar frå Holland men det finnast ingen god oversikt over korleis svenske høvlar var utforma på denne tida så vi kan ikkje seie sikkert at han ikkje er svensk. Evelyn Ansel på Vasamuseet har gjort ei flott oppmåling av denne høvelen som du kan sjå på Skeppsbloggen. Foto: Roald Renmælmo
Tommestokkar og svaivinkel funnet om bord i Vasaskipet. Den nederste tommestokken er delt inn i 11 tommar og med midtmerke på 5 ½". Det var den vanlege foten i Amsterdam på den tida. Tommestokken i midten er delt inn i 12" og er meir i samsvar med den svenske tommen på den tida. Foto: Roald Renmælmo
Tommestokkar og svaivinkel funnet om bord i Vasaskipet. Den nederste tommestokken er delt inn i 11 tommar og med midtmerke på 5 ½». Det var den vanlege foten i Amsterdam på den tida. Tommestokken i midten er delt inn i 12″ og er meir i samsvar med den svenske tommen på den tida. Det er eit prov på at det var handverkarar frå ulike land som arbeidde på skipet. Foto: Roald Renmælmo
Borevinner, økseskaft, tappjarnskaft, vinkel og handtak til ei sag av hollandsk eller svensk type i følgje Rålamb. Dette er noko av innhaldet i ei verktøykiste som var funnen om bord i vraket. Alt av jarn er rusta bort så det er berre skafta som er bevart. Foto: Roald Renmælmo
Borevinner, økseskaft, bileskaft, tappjarnskaft, vinkel og handtak til ei sag av hollandsk eller svensk type i følgje Rålamb. Dette er noko av innhaldet i ei verktøykiste som var funnen om bord i vraket. Alt av jarn er rusta bort så det er berre skafta som er bevart. Evelyn Ansel har også gjort oppmålingar av borevinnene. Foto: Roald Renmælmo
Også nokre delar av grindsager er blant verktøyet som var funnet om bord i skipet. Slike sager var ikkje med i oversikta til Rålamb. Foto: Roald Renmælmo
Også nokre delar av grindsager er blant verktøyet som var funnet om bord i skipet. Slike sager var ikkje med i oversikta til Rålamb. Foto: Roald Renmælmo
I verktøykista var det berre ein sletthøvel. Andre stader på skipet er det funnet fleire høvlar av ulike slag. Frå venstre, hulkilhøvel, gradhøvel og semshøvel. Desse trur eg kan knytast til arbeidet med innreiing som enda ikkje var fullført då skipet forliste. Foto: Roald Renmælmo
I verktøykista var det berre ein sletthøvel. Andre stader på skipet er det funnet fleire høvlar av ulike slag. Frå venstre, hulkilhøvel, gradhøvel og semshøvel. Desse trur eg kan knytast til arbeidet med innreiing som enda ikkje var fullført då skipet forliste. Foto: Roald Renmælmo

Samlinga med verktøy frå Vasaskipet er i seg sjølv ein veldig god referanse til verktøy brukt i Stockholm på 1600-talet. Spesielt om vi skal undersøkje verktøy som er relevante for vår høvelbenk. Gjennom boka til Rålamb får vi også med namn på tilsvarande verktøy og at dette verktøyet var det brukeligaste i Sverige og andre land. Vi får også vite at engelske sager var forskjellig frå dei hollandske og svenske. Det er altså forskjell på verktøyet. Det er enda ei veldig god kjelde til kunnskap om verktøy på 1600-talet i dette området av Sverige, verktøysamlinga på Skokloster slott. Denne verktøysamlinga er så omfattande og spennande at vi må vie minst ein eige post til dette seinare. Verktøy frå skipsvrak er elles ei spennande kjelde for å forstå verktøyhistoria. Verktøyet frå Mary Rose, eit engelsk krigsskip som gjekk ned i 1546, er også ei spennande kjelde. Felles for slike funn er at det aller meste av jern er rusta bort. Slik sett er verktøyet frå Willem Barents sin ekspedisjon til Novaja Semlja i 1596-97 ein viktig referanse. Her har verktøyet lege att i eit hus etter ekspedisjonen og såleis er høvelstål, borrar og liknande ganske godt bevart.

Kjelder:

Cederlund, Carl Olof, «Wasas timmermanverktyg», Trä nr 10, 1963.

Hocker, Fred, «Vasa, A Swedish Warship», Medströms Bokförlag, 2011

Rålamb, Åke Claesson, «Skeppsbyggerij», Stockholm, 1691

About Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

7 thoughts on “Vasabenken og verktøyet

  1. Hello Roald,

    Not to say anything about the origin of the small plane in your picture only that in Dutch it is called gerfschaaf which is reference to the tapered shape.

    So fine to see these examples of old axe handles.

    Regards,

    Ernest

    1. Hello Ernest
      The plane could be Dutch as there was a lot of Dutch carpenters working in Stockholm at that time. In his book,
      «Four centuties of Dutch planes and planmakers», 2001,
      Gerrit van der Sterre seems to believe that this plane is Dutch. He believe the plane to be made of hornbeam or boxwood. I can not argue about that. Still theese planes are very early compared to most of our soursces to understand old planes and where they are made. Sterre find his oldest material in Sweden, both from Vasa, and at Skokloster.

      The axe handles are very interesting. The two long ones are very close to one «alen» (Norwegian measure that is 2 foot, 62,75 cm). That was the «standard» i have learned from the old loggers in Målselv. That is for felling axes and axes for scoring logs. The short axe handle i believe was about 55 cm long. That is close to a «standard» for broadaxes that I use.

  2. I do not know the wood. I did try to find out from my photos but it is not easy. My guess is birch. That because it is very common in axe handles in Sweden and Norway. I could not se any clearly three rings as we see in pine, oak, ash and similar woods. Such rings could be difficult to see on this wood that are treated with PEG?

    On one of my photos I had a ruler for scaling and it seems that the long handles was a bit shorter than I did remember. Slightly less than 60 cm.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s