Bandstol frå Sørdalen i Bardu

Roald Utgård i Sørdalen i Bardu spikkar band til tynner på bandstolen sin i 1994. Foto: Atle Ove Martinussen, Norsk håndverksinstitutt.
Roald Utgård i Sørdalen i Bardu spikkar band til tynner på bandstolen sin i 1994. Foto: Atle Ove Martinussen, Norsk håndverksinstitutt.

Bandstolen til Roald Utgård i Bardu er ikkje ein høvelbenk og er såleis litt på sida av det vi har som fokus. Han får likevel vere med som døme på eit prinsipp for å feste material under arbeidet. Bandstolen har heller ikkje fått sin eigen blogg, det blir kanskje for smalt? Biletet er frå eit dokumentasjonsprosjekt av bøkkararbeid i Målselv i 1994  i regi av Målselv kulturkontor og dåverande Handverksregisteret som no heiter Norsk håndverksinstitutt. Prosjektet hadde hovudfokus på materialproduksjon og bøkkararbeid. Vi tok også ein tur til Bardu for å dokumentere Roald Utgård som var spesialist på å hogge bandstakar, kløyve og spikke band. Banda vert laga av fine renningar av hegg som vert kløvyd og spikka til så dei er jamntjukke før dei vert ringa og tørka. 

Bandstolen til Roald er truleg frå først på 1900-talet. Produksjon av band på denne måten var vanleg fram til 2. verdskrig og til ei viss grad under krigen. Produksjonen var avhengig av etterspurnad etter band til sildetynner, tynner som ble produsert i Målselv og delvis i Tromsø. Etterspurnaden etter sildetynnene varierte i tråd med sildefangstane. I Bardu var det i liten grad produksjon av sildetynner men det var mange som hogde og spikka band.

Roald Utgård held fast bandet ved å spenne frå så klypa klemmer til. Foto: Atle Ove Martinussen, Norsk håndverksinstitutt
Roald Utgård held fast bandet ved å spenne frå så klypa klemmer til. Foto: Atle Ove Martinussen, Norsk håndverksinstitutt

På bandstolen arbeider ein med bandkniven mot seg, motsett av kva ein vanlegvis gjer med høvel og ein del andre verktøy. Oksabenken eller forsetet kan fungere på liknande vis for den som trekk okshøvelen. Her er det vekta av kroppen som held emnet på plass og ikkje ei mekanisk utveksling slik som på bandstolen. Bandkrakk eller bandakrakk er også eit vanleg namn på slike. Desse er gjerne spesielt laga for å brukast til å spikke band. Det finnast også tilsvarande for å grovsmi tynnestavar og då kallar ein dei gjerne for stavkrakk eller stavaklem. Kombinasjonen er også vanleg og då heiter dei anten bandkrakk, bandstol eller stavkrakk.

Det finnast sikkert mange variantar av «bandstolar» til forskjellig slags bruk. Det er sikkert også andre namn på desse knytt til din spesielle bruken. Om du kjenner til gamle benkar, bilete, teikningar eller namn på slike så er vi takksame for innspel. Legg då gjerne inn kommentar under  posten med informasjon slik at også andre kan ta del av informasjonen.

Teikning av ein bandkrakk frå Modum i Buskerud. Frå svara til spørjelista om Snikkarhandverket i Ord og Sed på 1930-talet.
Teikning av ein bandkrakk frå Modum i Buskerud. Frå svara til spørjelista om Snikkarhandverket i Ord og Sed på 1930-talet.

About Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

5 tankar på “Bandstol frå Sørdalen i Bardu

  1. Jag tror inte ”täljhästen” är ett begränsat ämne, utan tvärt om, och kanske större än hyvelbänken. Den har använts som hjälpmedel till en mängd olika arbetsuppgifter inom hantverk, slöjd, kanske manufaktur m.m. Konstruktionen har anpassats till vad som ska spännas fast och det finns olika lösningar för samma arbetsuppgift. Sammantaget gör nog det att ämnet är stort. Kanske någon ska starta en blogg om detta.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s