Når vi har granska den originale høvelbenken i Vasaskipet har det verka klart at alle dei runde hola i benkeplata og føtene har vore for å bruke killingfot til å feste emne. Vi har likevel ikkje nokon original å vise til. Det er ikkje døme på killingfot på dei høvelbenkane vi har undersøkt i Noreg og Sverige. I Noreg er det sparsamt med kjelder å støtte seg på. Eg har derfor gått gjennom svara på spørjelista frå Ord og sed om Snikkarhandverket frå 1930-talet, til saman 170 svar. Det er eit omfattande materiale og mesteparten er handskrift. Det er mogleg å anten oversjå detaljar, eller å mistyde det som er skrive, men eg trur eg har fått med det meste. I spørjelista er høvelbenken eit eige emne og dette er avslutta med føljande: «Uttrykk for å festa lange stykke som ikkje fekk rom på sjølve benken.» Det er mange som har svart med å forklare at til dette brukte dei skottbenken. Likevel er det nokre få av svara som går inn på vårt emne, killingfot. Eg presenterer dei mest interessante svara under. Her er både skisser som viser utforminga på dei, forklaring av bruken og ulike nemningar. Sitata er i kursiv og nemningane er i feit kursiv.

Arne Elven frå Agdenes i Sør-Trøndelag er ein av dei som har forklart og teikna ein killingfot i sitt svar. Han har formulert: «Til å setja fast stykkja, som ein ikkje kan bruka klør og skruva åt, er det “kjellingfot” av jarn som går ned gjennom eit hol i benkjen og med ein labb på stykket som skal haldast fast.» Når han skriv «klør» så viser han til det lokale namnet på benkehaken, høvelstoppen på benken. Eg har brukt nemninga killingfot med bakgrunn i nemninga til Arne Elven. Forma på den han har teikna minner om den frå Nordmøre som det er bilete av under. Det kan sjå ut som om den kan ha konisk stamme? Endre J. Korndal i Øksendal, i Møre og Romsdal skriv: «Dei brugte benkehake». Han har ei lita skisse som også minner veldig om haken på biletet under.

Frå Hillesøy i Troms skriv Jens Solvang: «Til å feste eit langt bord på benken, som ikkje gjekk mellom knigtan, bruka dei “hallhaken”, ein u forma jernbøyle som greip kringom benken og bordet og med ein skruv av jern klemte vyrket fast.» Då er det snakk om ei slags tvinge som er spent under benken og truleg ikkje ein som går gjennom eit hol. Funksjonen er den same som ved bruk av kjellingfot, truleg er nemninga «hallhaken» knytt at det tidlegare har vore brukt hake som har stått i eit hol? Frå Trondarnes i Troms skriv Edvard Ruud: «Gamle brukte også å feste arbeidsstykket med hake og tand. Eg har eit par slike gamle jarn.» Om han med hake meiner kjellingfot kan eg ikkje vere sikker på, men han skriv om to ulike jarn og tand som det eine er nok høvelstopp. H. O. Neam frå Kvam i Nord-Trøndelag skriv: «Til å halde fast bord i høvelbenken brukte summe ein jarnbøile, der den eine arma gjekk gjennom eit hol i benken og vart driven fast med treklubba. Den jarnbøilen som kallast “hallfast” vart berre bruka under fussaging.» Her får vi nemninga som svarar til den engelske. Han har og med at han vert driven fast med treklubba.

Andreas Westin frå Henning i Nord-Trøndelag skriv: «Til å festa lange stykke som ein ikkje kunde festa millom kniktane, kunde dei nytta ein staur som rokk frå loftet og ned på stykket. Ein annan måte: litt innpå benken var eit firkantig hol, og i det sette dei ein knikt (hake) som var på skapnad som ein vinkel – la dei so stykket innåt knikten og trykte han ned so han greip innpå stykket, og feste han med eit drev (ein bløyg). Når dei flutte stykket litt om senn, kunde dei på båe desse måtane både høvla det og kløyva det med sag.» Her skriv han at det var eit firkanta hol og at dei festa «knikten» med drev (kile). Han har ei skisse som var så innklemt i teksten at det ikkje var mogleg å få ho med her, men forma er som han skriv, ein rett vinkel. Han beskriv også bruk av staur frå loftet (himlingsborda) og ned på høvelbenken. Det er ein artig detalj som elles vil etterlate seg få spor, som vi snikkarar med interesse for spor etter arbeidet til snikkarane før oss, kan sjå og tolke.
S. J. Almås frå Hølonda i Sør-Trøndelag har også teikna ein «hake for å halde nede». Han skriv: «Ved fastsetting av trestykket innpå sjølve høvelbenken brukar dei “høvelbenktonn” eller “tenner” og for lange trestykkjer “hakar” eller «håkkåa”. » Denne ser også ut til å vere omtrent i vinkel i bøyen slik som den som Andreas Westin skriv om.

Hans Skeidsvoll frå Tresfjord i Møre og Romsdal skriv: «For lange stykkje bruktest ronghake og bit.» Kva han meiner med ronghake kjem ikkje fram av teksten men han nemner to ulike ting, ronghake og bit. Bit tolkar eg som haken som fungerer som høvelstopp. Ei slik tyding av ordet bit finnast det fleire stader i Møre og Romsdal i formane klobit og høvelbit. Ronghake er samansett av to ord, rong og hake. Ordet rong har eg akkurat vore med å drøfta på bloggen til båtlaben. Ordet kan kome av vrang eller krum og passar godt med forma på hakane som eg skriv om i denne posten. Ordet hake er også med i mange av dei andre nemningane eg har lista opp her. Eg finn då at det er godt grunnlag for at ronghake er ei nemning som dekkjer vår hake.
A.Kløvrud frå Nordre Land i Oppland skriv «Dei hadde ei greia som dei festa store fjøler i som dei kalla kjerringa.» Heller ikkje denne er nærare forklart og kan vere noko anna enn det vi tenkjer på? Martin Tunes frå Haus i Hordaland skriv: «Lange stykke festa ein til benken med ei skruetvinge.» Lars Gjels frå Selsa i Rogaland skriv: “Skrueklemme”, “skruetvinga” bruktes til å feste på høvelbenken bord eller lister, som kløves med sag». Han beskriv arbeidsmåten som med killingfoten men ved bruk av skrutvinge.
Eg reknar med at det kjem til å dukke opp fleire variantar av både nemningar og heilt sikkert også originale kjellingføter når nokon får lese seg opp på bloggen. Likevel har vi dekning for ein del aktuelle nemingar og minst to ulike utformingar. Enten dei med kraftig bøy slik som dei gjerne er i Frankrike og slike som er ganske rette og nokolunde i vinkel. Det finnast eit alterstykke frå Holland som viser ein høvelbenk med rekker med hol i føtene. Der heng det ein killingfot på veggen som verkar ganske rett, omlag som dei Andreas Westin og S. J. Almås beskriv og teiknar.



Kjære Roald, har nettopp lest det du har skrivi, du er deg sjøl lik, gir deg ikke før du kan komme med noe vettugt, du skriver opplysende og informativt slik at også et smedhue kan begripe sammenhenger og forståelse for kjellingfotens bruksområder.
kan forresten opplyse at smeden hadde samme fot i smia for holde fast stål som skulle meislast eller filas!. Smeden kalte det gjerne for en bukkefot!!
Helsing smeden Øystein Myhre
Takk Øystein.
Det er bra å kunne bidra til å opplyse og informere ein smed i Sandefjord. Smeden sjølv er jo også ein viktig folkeopplysar gjennom å smi killingføter til oss snikkarane rundt om i landet. Om det ikkje var for det så kunne vi ikkje forstå kjeldene på same måten. Det er først etter å ha prøvd sjølv at eg trur eg forstår det som står i teksten, sjølv om det ikkje er sikkert eg forstår, kva snikkaren som har skrive det, eigentleg har meint?
Nemninga bukkefot er nok nært i slekt med killingfoten? Det er vel slik at smeden har bruk for meir krefter til å halde fast emna sine i smia? Då vert vel den vesle foten til geitekillingen for lett og svak? Då er det gjerne nødvendig med den grove foten til geitebukken? Eg har så langt ikkje kome over bruken av nemninga bukkefot om denne innretninga brukt av snikkarar. Kanskje andre har det?
När jag ställde frågan vad det Engelska verkyget som kalls «holdfast» heter på svenska fick jag till svar Fransk bänkspännare. Den syns bla i 1700 tals boken skriven av Roubo.
Hei. Eg takkar så mykje for innspelet. Tomas er i gang med å undersøkje spørsmålet og kjem med ein eige post om ulike namn og kjelder på svensk. Det har dukka opp ein del ulike varianter. Eg reknar med han tar med kommentaren din også.
Høvelbenken i Vasaskipet, og bruken av killingfot i Sverige, er eldre enn dei vanlege skriftlege kjeldene ein brukar å vise til, slik som Roubo, Diderot, Felibien og Moxon. Slik sett blir det litt rart å henvise til Frankrike for å finne navn på killingfoten. Det finnast svenske namn frå 1700-talet, dei må Tomas kome tilbake til i sin post.
Ei lita oppdatering: Tomas er ferdig med posten og han kan lesast her: https://hyvelbenk.wordpress.com/2014/03/06/hallhakar-i-sverige/