
Jakta vår på gamle arbeidsmetodar har kome til høvling av flasken på bord og plank. I staden for å lage og ta i bruk benkar frå andre kantar av landet ser me på Ryfylkemuseet det som viktig å ta vare på lokale variasjonar. Korleis gjorde dei det, og korleis såg ein eventuell høvelbenk ut her? Eg har lese ein stad at dei sat på borda i materialstabelen når dei høvla. Har og prata med ein som kan minnast å ha sett at «dei sat på ein låg benk og høvla mellom seg».
Leitinga har ført oss til ein gamal båtbyggerverkstad i Kvildal i Suldal. Verkstaden står omlag slik den alltid har gjort sidan båtbyggaren Nils O Bakka sette han opp ca 1907. Det er oldebarnet hans som har garden verkstaden står på i dag.
Av verktøysamlinga kan ein sjå at der er laga meir enn berre båtar. Der er ein oksehøvel med meiar (der har vore ein strykebenk men den eksisterer ikkje lenger), not-, penn-, profilhøvlar osb. Og ein låg benk. Den ser ut som ein heilt vanleg benk til å sitte på, men den skal være brukt til høvling av bord. Det er kroppstyngda som held bordet på plass når dei høvlar.


Benken er 2750 mm lang, 265 mm brei og 480 mm høg. Opprinneleg tjukne på planken varierer mellom 55 og 65 mm (målt på kvister langs kanten). Føtene skrevar ut i ei bredd på omlag 400 mm ved golvet. Dimmensjonen på føtene er 110 x 40 mm og dei står 360 mm frå endane. Tappholet er 70 x 40 mm. Materialen er av furu og skoren på sirkelsag.
Er dette benken me skal kopiere? Kva anna arbeid er utført på benken sidan den nerast er hol langs midten etter øks?
Reblogged this on Norsk Skottbenk Union and commented:
Benken som Sven Hoftun har presentert på Høvelbenkbloggen passar eigentleg også bra her mellom skottbenkane. Serleg sidan førre post handla om kombinasjonen av ein låg benk og ein skottbenk. Eg rebloggar derfor posten hans her.
Det er flott du tar tak i desse benkane. Det er ikkje alltid dei er så lette å finne sidan dei gjerne ser ut som ein vanleg benk som folk har hatt inne i stua si. Også når dei står i uthus eller verkstader er det snart gjort å oversjå dei sidan dei ikkje har innretningar for å feste materialen. Det er veldig effektivt å bruke vekta av kroppen til å halde fast emna under høvling. Då er det best å vere to mann og høvle med okshøvel. Det er då okshøvelen verkeleg kjem til sin rett.
Eg har skrive om bruken av ein slik benk i ein nokså nypublisert artikkel som du kan sjå her:
Click to access handhc3b8vling-av-golvbord.pdf
Det er litt ulike namn på slike benkar. Namna forsete og langbenk er vanlege. Det er generelle namn på benkar med slik utsjånad som er brukt både til ulike arbeidsoppgåver og til benk ved bordet inne i stova (eller kjøkkenet). Namnet oksabenk er også vanleg og i ordet ligg at det er benken ein nyttar til okshøvlinga.
Elles kan det vere greitt å tenkje på at sjølv om ein har høvla flask på ein slik benk så kan ein også ha høvla på ein høgre høvelbenk eller på skottbenken, det eine utelukkar ikkje det andre. På det flotte biletet frå Finnmark i ein tidlegare post er det døme på at to mann høvlar flask på skottbenken medan to mann sit og høvlar på ein ås slik som ein ville høvla flask på ein låg benk. Altså to variantar i same biletet. Det er denne posten eg siktar til:
http://skottbenk.wordpress.com/2013/10/07/hovling-pa-skottbenk-ved-suossjavre-i-finnmark-forst-pa-1900-talet-2/
Eg lurer på om strevinga av føtene er gjort ved å skrå tappen eller tappholet? Eg ser at dei også er litt krumma.
Det er tappholet som skråar. Av forma på årringane på føtene ser eg at emna er tekne ut ganske nær store kvister. Dette kan ha ført til krumming etter skjæring. Alle delane har sagskurd og er ikkje høvla slette nokon stad. Skal studere nerare neste gong eg er innom.
På dei bakre føtene på høvelbenken i Vasaskipet er det også skrå tapphol. Det er interessant at delane ikkje er høvla. Det har sikkert ført til problem når dei har merka opp tappar og tapphol? I alle fall må dei ha vurdert denne problematikken.
Min konklusjon er at oppsida på planken er høvla plan. Dette er den einaste sida me ikkje veit korleis var opphavleg. Dette gir ei referanseflate for det vidare arbeidet både med tapphola og og lengda på føtene. Og det forklarar variasjonen i tjukna på planken.
Når får vi sjå ein kopi av denne benken? Kanskje du har funnet fleire tilsvarande benkar?