Smiing av spikar til Vasabenken

Original spikar frå klokketårnet i Ransbergs kyrka, truleg frå 1666. Foto Roald Renmælmo
Original spikar frå klokketårnet i Ransbergs kyrka, truleg frå 1666. Spikar nr. 2 frå toppen er modellen vi skal ha til høvlebenken. Den nederste spikaren måler drygt 12″ i lengde. Foto Roald Renmælmo

I dag var eg, Tomas Karlsson og Patrik Jarefjäll på besøk i smia til Julius Pettersson i Skalkarike utanfor Mariestad. Julius har tidlegare levert ein del spikar til restaurering av klokketårnet i Ransbergs kyrka. Tårnet frå 1666 har bevart store mengder original spikar og Julius har fått låne nokre av desse for å smi kopiar til restaureringsarbeidet. Vi har tidlegare skrive litt om spikar til høvelbenken. Vi fekk Julius til å smi spikar til festing av føtene og tverrtrea på høvelbenken. Julius har også smidd nokre navarar som vi skal bruke til vidare arbeid med snikring av høvelbenken.

Med utgangspunkt i eit firkantstål vart spikaren smidd ut til ønska lengde og dimensjon på ein fjørhammar. Foto: Roald Renmælmo
Med utgangspunkt i eit firkantstål vart spikaren smidd ut til ønska lengde og dimensjon på ein fjørhammar. Foto: Roald Renmælmo
Spikaren blir så hogd av på ei kvass hoggtann på smisteet. Foto: Roald Renmælmo
Spikaren blir så hogd av på ei kvass hoggtann på smisteet. Foto: Roald Renmælmo
Julius smir til forma på hovudet og fasettane på det. Det gjer han på kanten av smisteet. Denne arbeidsmåten har han kome fram til ut frå spor på dei gamle spikarane. Det ser ikkje ut som dei er smidd på ei spikarlo slik som meir moderne smidd spikar. Foto: Roald Renmælmo

Her er ei samling med ferdig smidd spikar til høvelbenken. Frå venstre, 3" spikar til tverrtrea, 4" spikar (8mm stamme) til føtene der dei er tappa inn i benkeplata og 6" spikar til å feste bordklype. Foto: Roald Renmælmo
Her er ei samling med ferdig smidd spikar til høvelbenken. Frå venstre, 3″ spikar til tverrtrea, 4″ spikar (8mm stamme) til føtene der dei er tappa inn i benkeplata og 6″ spikar til å feste bordklype. Foto: Roald Renmælmo

About Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

2 tankar på “Smiing av spikar til Vasabenken

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s