Materialane til Vasabenken er ferdig dimensjonert

Emnet til strekkfisk mellom føtene var 2,5 - 3 cm for bredt. I staden for å høvle ned dette prøvde vi å sage med langvedsaga. Saga er laga av Mike Wenzlof i Oregon i USA og er kopi av langvedsaga til Benjamin Seaton som var snikkar i London på 1790-talet. Foto: Roald Renmælmo
Emnet til strekkfisk mellom føtene var 2,5 – 3 cm for bredt. I staden for å høvle ned dette prøvde vi å sage med langvedsaga. Saga er laga av Mike Wenzloff i Oregon i USA og er kopi av langvedsaga til Benjamin Seaton som var snikkar i London på 1790-talet. Foto: Roald Renmælmo

Å sage gjennom ein tørr eikeplanke som er kring 9 cm tjukk krev litt arbeidsinnsats. Heldigvis var det ein kald dag i Mariestad så saginga var eit ettertrakta arbeid for å halde varmen. Når både eg og Tomas var blitt gode og varme så kjente vi enda betre at arbeidet var tungt, ikkje verre enn at det gjekk ved å ta tida til hjelp.

Vi fekk besøk av Peter Sjömar (t.h. i biletet) som er vår veileder i våre doktorgradsprosjekt. Tomas kom på at han måtte ta nokre notatar og eg måtte fotografere og då var det bare Peter igjen som kunne ta seg av saginga. Foto: Roald Renmælmo
Vi fekk besøk av Peter Sjömar (t.h. i biletet) som er veileder i våre doktorgradsprosjekt. Tomas kom på at han måtte ta nokre notatar og eg måtte fotografere og då var det bare Peter igjen som kunne ta seg av saginga. Foto: Roald Renmælmo
Roald prøver ut å hogge ned dimensjonen på emnet. Tørr eik er seig og hogge på men det går. Det var fint å ha slike låge bukkar for å kunne halde fast emnet med kneet. Emnet vart justert med høvel til slutt. Foto: Tomas Karlsson.
Roald prøver ut å hogge ned dimensjonen på emnet. Tørr eik er seig og hogge på men det går. Det var fint å ha slike låge bukkar for å kunne halde fast emnet med kneet. Emnet vart justert med høvel til slutt. Foto: Tomas Karlsson.

About Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s