
Også når det gjeld tjukna på føtene er det variasjon i måla på den originale benken. Det største målet var 75 mm. Vi har dimensjonert to av emna ned til dette målet medan dei to andre hadde litt for liten dimensjon etter planhøvling og er dimensjonert ned til 72 mm. Vi har drøfta om føtene treng å vere dimensjonert eller om dei berre kunne ha side og kant retta? Eventuelt om ein berre treng å dimensjonere dei endane med tappar og sidene som skal ha tappar frå strekkfisk? Begge er moglege løysingar og kan ha vore aktuelle på den originale benken. Vi kan ikkje sjå at vi kan finne spor etter slike detaljar i oppmålinga av originalen men har valt å dimensjonere emna både på tjukne og bredde.

Høvlinga vi gjorde første dagen på benkeplata var for det meste gjort med okshøvel der vi høvla to saman. På eika fungerte dette veldig bra. Vi slapp å bruke for mykje krefter og det kjendes som om vi kunne halde på lange dagar med slik høvling utan for store problem. Når eg høvlar furu med okshøvel er det ikkje uvanleg at eg høvlar aleine. Når eg prøvde med det på eika merka eg fort at det var i tyngste laget. Det går men ikkje over lang tid. Eg synast det var mykje betre å gå for ein smal skrubbhøvel. Vi var begge ganske fornøgd etter ein normal arbeidsdag frå klokka 9 til 17 med høvling av dimensjon.

kva dimensjonar snakkar vi om på tverrtrea? kor mange graders helning er det på dei beina som ikkje står i lodd?
Hei
I denne posten skriv Tomas om dimensjonar på ulike delar av understellet:
https://hyvelbenk.wordpress.com/2013/12/17/hyvling-av-delar-till-underredet/
I denne posten skriv han om kor mykje skrå det er på dei bakre føtene:
https://hyvelbenk.wordpress.com/2014/01/16/huggning-av-tapphal-for-bakbenen/