Vasabenken og føtene

Den venstre framfoten på Vasabenken. Foten er tappa inn i benkeplata og spikra fast. Nede er strekkfisken tappa inn i foten og spikra. Benkehake og framtang (bordklype) sår like ved foten. Foto: Roald Renmælmo
Den venstre framfoten på Vasabenken. Foten er tappa inn i benkeplata og spikra fast. Nede er strekkfisken tappa inn i foten og spikra. Benkehake og framtang (bordklype) står like ved foten. Foto: Roald Renmælmo

Begge dei fremre føtene står så langt fram at dei er i plan med fremre kant av benkeplata. Det gjer det gunstig å feste emne på høgkant på sida av benken slik som vi kan sjå døme på frå Peter Follansbee sin blogg. Begge føtene har to rekker med hol som kan passe bra for ein killingfot. Likevel kan vi ikkje utelukke at hola kan ha hatt andre funksjonar i staden/tillegg. På undersida av høvelbenken var det spor etter at det har vore festa ei list. Denne er forsøkt rekonstruert på benken slik han står i dag på museet.

Saman med benken vart det funnet ein kloss av liknande dimensjon som føtene og med liknande rekker med hol. Denne er tolka som det som på engelsk kallast «sliding deadman». Det passar inn med den lista på undersida av benkeplata sidan det er hogd ut eit spor i endeveden på klossen. Denne har same funksjonen som hola i føtene men har den fordelen at den er flyttbar slik at du kan feste emne av ulik lengde. Tilsvarande når vi brukar «hjelpesmann» som står på golvet som støtte under enden av emnet. På svensk er det gjerne «bänkhäst» (Karlsson 2013) eller «bänk-knekt» som er namnet på slike innretningar. Om desse kan vere rette nemningar på norsk og svensk, for det som på engelsk er omtalt som «sliding deadman», er usikkert? Kom gjerne med innspel i form av å kommentere posten.

Klossen som er tolka som "sliding deadman" ligg på benkeplata. Den har gjennomgåande hol omlag slik som føtene har. I enden har den eit spor som kan passe til lista som er festa på undersida benkeplata. Foto: Roald Renmælmo
Klossen som er tolka som «sliding deadman» ligg på benkeplata. Den har gjennomgåande hol omlag slik som føtene har. I enden har den eit spor som kan passe til lista som er festa på undersida benkeplata. Foto: Roald Renmælmo

About Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

One thought on “Vasabenken og føtene

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s