Monthly Archives: januar 2014

Killingfot, hallfast og hallhake i Noreg

Når vi har granska den originale høvelbenken i Vasaskipet har det verka klart at alle dei runde hola i benkeplata og føtene har vore for å bruke killingfot til å feste emne. Vi har likevel ikkje nokon original å vise til. Det er ikkje døme på killingfot på dei høvelbenkane vi har undersøkt i Noreg og Sverige. I Noreg er det sparsamt med kjelder å støtte seg på. Eg har derfor gått gjennom svara på spørjelista frå Ord og sed om Snikkarhandverket frå 1930-talet, til saman 170 svar. Det er eit omfattande materiale og mesteparten er handskrift. Det er mogleg å anten oversjå detaljar, eller å mistyde det som er skrive, men eg trur eg har fått med det meste. I spørjelista er høvelbenken eit eige emne og dette er avslutta med føljande: «Uttrykk for å festa lange stykke som ikkje fekk rom på sjølve benken.» Det er mange som har svart med å forklare at til dette brukte dei skottbenken. Likevel er det nokre få av svara som går inn på vårt emne, killingfot. Eg presenterer dei mest interessante svara under. Her er både skisser som viser utforminga på dei, forklaring av bruken og ulike nemningar. Sitata er i kursiv og nemningane er i feit kursiv.

Kjellingfoten som er med i teikninga til Arne Elven, Agdenes i Sør-Trøndelag
Kjellingfoten som er med i teikninga til Arne Elven, Agdenes i Sør-Trøndelag

Arne Elven frå Agdenes i Sør-Trøndelag er ein av dei som har forklart og teikna ein killingfot i sitt svar. Han har formulert: «Til å setja fast stykkja, som ein ikkje kan bruka klør og skruva åt, er det “kjellingfot” av jarn som går ned gjennom eit hol i benkjen og med ein labb på stykket som skal haldast fast.» Når  han skriv «klør» så viser han til det lokale namnet på benkehaken, høvelstoppen på benken. Eg har brukt nemninga killingfot med bakgrunn i nemninga til Arne Elven. Forma på den han har teikna minner om den frå Nordmøre som det er bilete av under. Det kan sjå ut som om den kan ha konisk stamme? Endre J. Korndal i Øksendal, i Møre og Romsdal skriv: «Dei brugte benkehake». Han har ei lita skisse som også minner veldig om haken på biletet under.

Killingfot frå Nordmøre. Denne har noko usikker bakgrunn men kan ha vore brukt av ein lokal snikkar. Foto: Roald Renmælmo
Killingfot frå Nordmøre. Denne har noko usikker bakgrunn men kan ha vore brukt av ein lokal snikkar. Det kan sjå ut som han er smidd av to stykke og sveisa saman. Foto: Roald Renmælmo

Frå Hillesøy i Troms skriv Jens Solvang: «Til å feste eit langt bord på benken, som ikkje gjekk mellom knigtan, bruka dei “hallhaken”, ein u forma jernbøyle som greip kringom benken og bordet og med ein skruv av jern klemte vyrket fast.» Då er det snakk om ei slags tvinge som er spent under benken og truleg ikkje ein som går gjennom eit hol. Funksjonen er  den same som ved bruk av kjellingfot, truleg er nemninga «hallhaken» knytt at det tidlegare har vore brukt hake som har stått i eit hol? Frå Trondarnes i Troms skriv Edvard Ruud: «Gamle brukte også å feste arbeidsstykket med hake og tand. Eg har eit par slike gamle jarn.» Om han med hake meiner kjellingfot kan eg ikkje vere sikker på, men han skriv om to ulike jarn og tand som det eine er nok høvelstopp. H. O. Neam frå Kvam i Nord-Trøndelag skriv: «Til å halde fast bord i høvelbenken brukte summe ein jarnbøile, der den eine arma gjekk gjennom eit hol i benken og vart driven fast med treklubba. Den jarnbøilen som kallast “hallfast” vart berre bruka under fussaging.»  Her får vi nemninga som svarar til den engelske. Han har og med at han vert driven fast med treklubba.

Smeden Øystein Myhre i Sandefjord har late seg inspirere av skisser og forklaringar i spørjelistene og smidd ulike versjonar av killingfot. Desse kjem til å bli prøvd ut på kopiane av høvelbenken frå Vasaskipet når dei er ferdige. Foto: Øystein Myhre
Smed Øystein Myhre i Sandefjord har late seg inspirere av skisser og forklaringar i spørjelistene og smidd ulike versjonar av killingfot, eller hallfast som det også kallast. Desse kjem til å bli prøvd ut på kopiane av høvelbenken frå Vasaskipet når dei er ferdige. Dimensjon og storleik er basert på hola i Vasabenken. Killingfoten er smidd av eitt stykke rundstål som er 1″ tjukt og 18″ langt. Foto: Øystein Myhre

Andreas Westin frå Henning i Nord-Trøndelag skriv: «Til å festa lange stykke som ein ikkje kunde festa millom kniktane, kunde dei nytta ein staur som rokk frå loftet og ned på stykket. Ein annan måte: litt innpå benken var eit firkantig hol, og i det sette dei ein knikt (hake) som var på skapnad som ein vinkel – la dei so stykket innåt knikten og trykte han ned so han greip innpå stykket, og feste han med eit drev (ein bløyg). Når dei flutte stykket litt om senn, kunde dei på båe desse måtane både høvla det og kløyva det med sag.» Her skriv han at det var eit firkanta hol og at dei festa «knikten» med drev (kile). Han har ei skisse som var så innklemt i teksten at det ikkje var mogleg å få ho med her, men forma er som han skriv, ein rett vinkel. Han beskriv også bruk av staur frå loftet (himlingsborda) og ned på høvelbenken. Det er ein artig detalj som elles vil etterlate seg få spor, som vi snikkarar med interesse for spor etter arbeidet til snikkarane før oss, kan sjå og tolke.

S. J. Almås frå Hølonda i Sør-Trøndelag har også teikna ein «hake for å halde nede». Han skriv: «Ved fastsetting av trestykket innpå sjølve høvelbenken brukar dei “høvelbenktonn” eller “tenner” og for lange trestykkjer “hakar” eller «håkkåa”. » Denne ser også ut til å vere omtrent i vinkel i bøyen slik som den som Andreas Westin skriv om.

Hake for å halde fast teikna av S. J. Almås frå Hølonda i Sør-Trøndelag. Han har også med to variantar av benkehake, tonn og hake med to tangar.
Hake for å halde fast teikna av S. J. Almås frå Hølonda i Sør-Trøndelag. Han har også med to variantar av benkehake, tonn og hake med to tangar slik som dei i benkane frå Siljansnäs og Nordmøre.

Hans Skeidsvoll frå Tresfjord i Møre og Romsdal skriv: «For lange stykkje bruktest ronghake og bit.» Kva han meiner med ronghake kjem ikkje fram av teksten men han nemner to ulike ting, ronghake og bit. Bit tolkar eg som haken som fungerer som høvelstopp. Ei slik tyding av ordet bit finnast det fleire stader i Møre og Romsdal i formane klobit og høvelbit. Ronghake er samansett av to ord, rong og hake. Ordet rong har eg akkurat vore med å drøfta på bloggen til båtlaben. Ordet kan kome av vrang eller krum og passar godt med forma på hakane som eg skriv om i denne posten. Ordet hake er også med i mange av dei andre nemningane eg har lista opp her. Eg finn då at det er godt grunnlag for at ronghake er ei nemning som dekkjer vår hake.

A.Kløvrud frå Nordre Land i Oppland skriv «Dei hadde ei greia som dei festa store fjøler i som dei kalla kjerringa Heller ikkje denne er nærare forklart og kan vere noko anna enn det vi tenkjer på? Martin Tunes frå Haus i Hordaland skriv: «Lange stykke festa ein til benken med ei skruetvinge.» Lars Gjels frå Selsa i Rogaland skriv: “Skrueklemme”, “skruetvinga” bruktes til å feste på høvelbenken bord eller lister, som kløves med sag». Han beskriv arbeidsmåten som med killingfoten men ved bruk av skrutvinge.

Eg reknar med at det kjem til å dukke opp fleire variantar av både nemningar og heilt sikkert også originale kjellingføter når nokon får lese seg opp på bloggen. Likevel har vi dekning for ein del aktuelle nemingar og minst to ulike utformingar. Enten dei med kraftig bøy slik som dei gjerne er i Frankrike og slike som er ganske rette og nokolunde i vinkel. Det finnast eit alterstykke frå Holland som viser ein høvelbenk med rekker med hol i føtene. Der heng det ein killingfot på veggen som verkar ganske rett, omlag som dei Andreas Westin og S. J. Almås beskriv og teiknar.

Ein 1500-tals snikkarverkstad med høvelbenken. Legg merke til killingfoten som heng på veggen oppe til høgre. Illustrasjonen er henta frå: Gerrit van der Sterre, Four centuries of Dutch planes and planemakers, 2001
Ein 1500-tals snikkarverkstad i Holland med høvelbenk. Legg merke til killingfoten som heng på veggen oppe til høgre. Legg også merke til alle hola i føtene, det minner om Vasabenken. Illustrasjonen er henta frå: Gerrit van der Sterre, Four centuries of Dutch planes and planemakers, 2001
Øystein Myhre har smidd hakar med litt variasjon i detaljane for at vi skal få prøve ut korleis dei verkar og høver saman med høvelbenken. Foto: Øystein Myhre
Øystein Myhre har smidd hakar med litt variasjon i detaljane for at vi skal få prøve ut korleis dei verkar og høver saman med høvelbenken. Dei viktige forskjellane er korleis labben er utforma. Kor stor flate er det som kvilar på emnet, krumminga på labben og utforminga av kroken mellom stamme og labb samt vinkelen på denne. For å få kroken riktig må det til ein heil del arbeid med stuking av emnet. Foto: Øystein Myhre
Øystein Myhre i smia si i Sandefjord. Det meste av smiinga vert gjort på steet med hammar men han har og ein liten fjørhammar til å ta dei litt tyngre taka. Foto: Roald Renmælmo
Øystein Myhre i smia si i Sandefjord. Det meste av smiinga vert gjort på steet med hammar. Han har ein liten fjørhammar til å ta dei litt tyngre taka som ein tidlegare gjerne brukte oppslagar til. Foto: Roald Renmælmo

Sågning av benens tappar

Längden på frambenes tappar är 35 - 48 mm. Bakbenens tappar har inte varit möjliga att mäta vid uppmätningstillfället. Jag väljer att göra tapparna 2 verktum långa.
Längden på frambenes tappar är 35 – 48 mm. Bakbenens tappar har inte varit möjliga att mäta vid uppmätningstillfället. Jag väljer att göra tapparna 2 verktum långa. Foto: Tomas Karlsson
Slitssågning av tappen. Foto: Tomas Karlsson
Slitssågning av tappen. Foto: Tomas Karlsson
Slitsningen kapas bort. Foto: Tomas Karlsson
Slitsningen kapas bort. Foto: Tomas Karlsson
För att underlätta att få ett "skarpt" sågsnitt vid kapningen av slitsen förstärks ritsen. Foto: Tomas Karlsson.
För att underlätta att få ett «skarpt» sågsnitt vid kapningen av slitsen förstärks ritsen. Foto: Tomas Karlsson.
Frambenen är kapade ca 3 cm högre än originalbänken. Foto: Tomas Karlsson
Frambenen är kapade ca 3 cm högre än originalbänken. Foto: Tomas Karlsson

Planing stop or bench hook on the Vasa bench

My last post in Norwegian was about bench hooks (planing stops) on older Norwegian workbenches. I have done a study of what they have been called, both in written sources, and what was common language among Norwegian woodworkers about 80 years ago. My main source for this is a survey from about 1934 (it spanned over several years) when 168 woodworkers where questioned about their craft, with a special focus on the workbench (høvelbenk). I found that the terminology from the litterature (benkehake, translates to bench hook) was not so much in use among the craftsmen. Some of the names (høvelbit, tang, klo, kam and bitehest) could indicate that the function or shape of the «bench hook» could be of the type seen on (older) benches without endwise but with a fixed bench hook that «bites» into the stock you are planing. Similar as the planing stop to Christopher Schwarz inspired by Roubo, or the bench hook to Peter Follansbee inspired by Moxon. Some of the answers from the survey did also have drawings to explain the shape of the «bench hook» in question.

On the workbench from Vasa there are a hole of 23 x 25 mm for a bench hook. It is placed close to the left front leg, the leg is seen coming trough the benchtop to the left on the photo. It is a countersunk area for the head of the bench hook. Photo: Roald Renmælmo
On the benchtop of the workbench from Vasa there are a hole of 23 x 25 mm for a bench hook. It is placed close to the left front leg, the leg is seen coming trough the benchtop to the left on the photo. It is a countersunk area for the head of the bench hook. Photo: Roald Renmælmo

There is also another post about the traces of the bench hook from Vasa, the text is in Norwegian. In other posts I write about how the bench was found in the wreck of Vasa that sank in 1628 and was rescued 333 years later. There are a lot of wear on the wood surfaces after all those years on the seabed. All parts of iron on the bench have eroded or rusted away. In the other post about the Vasa bench hook, I have tried to interpret the shape and size of the bench hook that the hole was made for. The hole for the shank seems to be parallel and does not taper. Most of the old bench hooks I have found in Norway and Sweden have a shank that tapers. I think the parallel shank could work a similar way as the bench hooks from Roubo and Moxon where the iron hook is mounted on a block of wood which is mounted in a through-mortise in the benchtop.

I have searched for old bench hooks that could fit in the hole in the Vasa bench. I have not found any in Sweden and Norway yet. I found some references to an interesting bench hook in a blog entry on the blog of Peter Follansbee. He write about a bench hook with 8″ long shank from an archaeological excavation in Virginia. On my question by e-mail he was helpful and sent me a scan from the book he got the information from. It is the Article «The Archaeological Evidence of Tools Used in Seventeenth- and Eighteenth-Century Virginia», by David Harvey, from the book «Eighteenth-Century Woodworking Tools», James M. Gaynor, 1997. The bench hook was from the excavations at Flowerdew Hundred in Virginia and is probably  from 1690-1730.

Drawing of the bench hook found in Virginia. From the book: Eighteenth-Century Woodworking Tools. James M. Gaynor, 1997
Drawing of the bench hook found in Virginia. The Moxon bench for comparison. It might match the hole in the Vasa bench but i do not have the exactly measures. When i measure on the drawing I find the lenght to be 9-10″ and the cross section of the shank about 1″ and parallel. From the book: Eighteenth-Century Woodworking Tools. James M. Gaynor, 1997

It is relevant to ask what an, at least 70 years younger, bench hook from Virginia have to do with the Vasa workbench? The only connection could be that the shape and measures make a match? When Vasa was built there was a lot of Dutch carpenters working on the ship. There was also some woodcarvers from the area that today is northern Germany. There was also joiners working on the interior paneling and furniture for the cabins in the stern. The joiner who used the bench hook in Virgina could have been English or Dutch and  working in a northern European tradition. The Vasa bench could also be interpreted to be a part of a northern European tradition of joinery? The connection could be stronger than that the shape and measures match?

With this information, and a glance to other old bench hooks, the blacksmith, Mattias Helje in Lima in Sweden set out to forge a bench hook for the copy of the Vasa bench that Tomas and I are building in Mariestad.

The shank of the bench hook are made parallel and  about 23 x 25 mm cross section. Photo: Mattias Helje
The shank of the bench hook are made parallel and about 23 x 25 mm cross section. It is forged by a solid piece of steel, probably similar as the original bench hook. Photo: Mattias Helje
Two bench hooks forged according to the size of the hole in the Vasa bench. Photo: Mattias Helje
Two bench hooks forged according to the size of the hole in the Vasa bench. Theese where forged today and are not tested yet. Photo: Mattias Helje

Benkehake, nemningar og typar

I namnet høvelbenk ligg det at det er ein benk for å høvle emne. Snikkarhandverket er grunnlagt på nokre sentrale prinsipp. Høvelen har ei viktig rolle i denne samanhengen. I dag har vi lett for å gløyme årsaka til at vi høvlar til emna. Vi tenkjer kanskje at flatene skal vere glatte og fine og vi skal få fram den fine gløden i veden? I det tradisjonelle snikkarhandverket er det å høvle flasken, rettsida på bordet, så plan som mogleg, det første snikkaren gjer. Denne flata vert referansen for alt vidare arbeid med emnet. Frå den kan ein vinkle ein kant og høvle denne rett. Når snikkaren har høvla flate og kant, plane og rette, kan han ta fram måle- og merkeverktøy og merke på for vidare arbeid. Slik flate og kant er også grunnleggande for at slikt utstyr som gjeringsmalen frå Vasaskipet skal fungere. Det aller meste av snikkarverktøyet har eit anlegg, eller ein land, som ligg an mot ein retthøvla kant eller planhøvla flate. Det gjeld også det meste av profilhøvlar, plogar og falshøvlar. Om ikkje flasken er høvla plan nok, blir det anten eit dårleg resultat, eller så får snikkaren mykje arbeid med å jukse og justere for å få til eit brukbart sluttprodukt.

Kolbjørn Vegar Os splittar opp emne til sprosser av eit bord som er planhøvla på flasken og retta kant på. Benkehaken er ein gamal original hake frå Røros. Truleg er den frå tidleg 1800-tal. Foto: Roald Renmælmo
Kolbjørn Vegar Os splittar opp emne til sprosser av eit bord som er planhøvla på flasken og retta kant på. Her er det landet på ploghøvelen som blir lagt an mot den retta kanten for å sikre nøyaktig dimensjon på emnet til sprosse. Benkehaken er ein gamal original hake frå Røros. Truleg er den frå tidleg 1800-tal. Foto: Roald Renmælmo

Den mest sentrale funksjonen til høvelbenken er å høvle flasken på emnet. Høvelbenken må då ha ei eller anna løysing for å feste emna i samband med høvling. I si enklaste form kan det vere ei list eller ein kloss som er spikra fast i benken og som ein støyter emna mot.   Ymse variantar av tappar finnast det også døme på både i litteraturen og i gamle benkar. Likevel er det nok mest vanleg med smidde benkehakar i ei eller anna form. Desse benkehakane har vore særs viktige for høvelbenken. Det er vanleg å finne gamle høvelbenkar som manglar benkehakane sine. Eigaren har gjerne tatt med seg haken/hakane til sin nye høvelbenk. Av det kan vi slutte at sjølve benkehaken styrande for funksjonen til høvelbenken.

Terminologi

Namnet benkehake kan vere forvirrande om ein skal ha kontakt med snikkarar frå andre land. I Noreg er benkehake namnet som er brukt i Store Norske Leksikon i artikkelen som beskriv høvelbenken. Elles i faglitteraturen er også benkehake vanleg. I Sverige kallar ein det til vanleg «bänkhake». I Danmark er det derimot litt verre. I ordboka til Børge Askholm har han forklart ordet «bænkehage» som «benkekrok» og forklarer vidare ei innretning som vår killingfot. Han viser heller til «bænkedup», «høvlebænkhage» eller «bænkstopper» som det som svarar til vår benkehake. Ordbruken er heller ikkje eintydig i Danmark. I Tyskland er ordet «bankhaken» vanleg. (Heine, 1990) I det engelske språket verkar ordet «bench dog» å vere mest utbreidd.  I eldre engelsk litteratur er også ordet «bench hook» brukt, då er det vist til ein variant som har utforming omlag som den frå Sogn folkemuseum, som har nemninga bitehest, på eitt av bileta under. (Moxon, 1703) 

Dei fleste «moderne» høvelbenkar har baktang og ei rekke med hol for å flytte den fremre benkehaken. Når ein så festar emna så spenner ein dei fast mellom fremre og bakre benkehake. Utforminga kan variere noko på slike hakar men dei er som regel smidd ganske kraftige for å stå mot kreftene frå skruven i baktanga. Prinsippet med å spenne emnet fast mellom to benkehakar, der den bakre er festa til ei innretning med strammeskruve, kan førast så langt tilbake i tid som år 1505. To variantar av slike høvelbenkar er med i ei billedhandskrift av Löffelholz i Nürnberg frå 1505. (Heine 1990) Høvelbenken på biletet er frå Stigums magasin, Norsk Folkemuseum landbrukssamlingen. Foto: Roald Renmælmo

Faglitteraturen i snikkarfaget har ein nokolunde eintydig nemningsbruk for å gjere kommunikasjon mellom handverkarane og tilgrensande yrkesgrupper lettast mogleg. Vi snakkar då gjerne om fagterminologi, nemningane som er felles for faget. Det er ein viktig funksjon til faglitteraturen å styrke eintydig bruk av sentrale nemningar i faget. Ein slik felles terminologi gjer lettare å omsetje til andre språk og kommunisere med våre naboland med språk som er i nær slekt med norsk. Det kan bli litt problematisk når vi skal studere slikt som gamle høvelbenkar og dei ulike delane av desse. Korleis passar terminologien i den nyare faglitteraturen med det vi ser på dei gamle benkane?

Benkehakane på høvelbenken frå Holstvollen i Bymarka i Trondheim. Foto: Thor-Aage Heiberg
Benkehakane på høvelbenken frå Holstvollen i Bymarka i Trondheim. Desse hakane er ganske typiske for benkar med baktang og det er nok slike dei fleste kjenner frå tida på skulesløyden? Foto: Thor-Aage Heiberg

Nemningar

For min del har eg for det meste arbeidd saman med og lært av snikkarar som ikkje har hatt formell utdanning i faget. Dei har gjerne vore mindre opptekne av faglitteraturen, eller den fagterminologien som er presentert der. Slik har det truleg vore med snikkarane på bygdene i Noreg, i alle fall fram til ein starta med snikkarskular, snikkarkurs og sløyd på skulen. Nemningane har variert rundt om i landet og til ulike tider. Ein del av desse nemningane kan gi oss anna informasjon enn terminologien frå faglitteraturen. I dag er vi språkleg påverka av både faglitteraturen og korleis praksisen er i snikkarfaget i dag. Vi brukar dei orda vi treng i dag, kanskje dei også har eit anna innhald enn dei hadde tidlegare. For å undersøkje eldre nemningar på benkehake har eg gjort nokre søk i museumssamlingar, i Setelarkivet til Norsk ordbok og i svar på spørjelistene om snikkarhandverket frå 1930-talet på Norsk Folkeminnesamling.

På De Heibergske Samlinger, Sogn Folkemuseum har eg kome over denne som registrert med namnet bitehest registrert på registreringskortet. Foto: Roald Renmælmo
På De Heibergske Samlinger, Sogn Folkemuseum har eg kome over denne som registrert med namnet bitehest på registreringskortet. Dette er eit sjeldsynt døme på at ein kan kople ei nemning med eit konkret objekt. Foto: Roald Renmælmo

Bitehest er eit namn som også er med i setelarkivet til Norsk ordbok. Der er det Bjarne Haugland i Brekke i Sogn som er kjelda til ordet. Han forklarar: «bitehest, (ein), hake i høvelbenken. Stundom: dubb».  Då får vi også ordet dubb som også kan bety det same som benkehake? Sjølve ordet bitehest kan seie noko anna enn ordet benkehake? Bite kan peike på at utforminga er slik at han «bit seg fast» i emnet under høvling? Det kan vere spesielt for ei bestemt utforming og derfor er namnet forskjellig frå benkehake og dubb? Ordet hest er ein del brukt om ulike bukkar og benkar av ulike slag men kan også ha ei anna betydning her?

Spørjelista om snikkarhandverket i Ord og Sed

Olav Brattegard leia arbeidet med å sende ut ei rekke spørjelister som skulle kartlegge norsk nemingsbruk i ulike handverk på 1930-talet. Spørjelista om snikkarhandverket var ei av desse listene. Innsamlinga av materialet strekte seg over fleire år først på 1930-talet og resulterte i 168 svar frå informantar over heile landet. I spørsmåla var det eit spesielt fokus på høvelbenken. «Gjer greie for namni på dei ymse delane av høvelbenken. Var det t. d. tilsvarande eller andre nemningar enn det som nemnest her: framtange, baktange, tangeskruve, platerom, benkehakar o.s.b.» (Spørjelista om snikkarhandverket i Ord og sed, 1930-talet). Spørsmålet brukar då fagterminologien for å få fram kva ein spør etter. På ei side kan det verke styrande på svara, men samstundes kan det verke som ei oppfordring til å kome med alternative nemningar. Eg har gått gjennom svara for Finnmark, Troms, Nordland, Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag, Møre og Romsdal, Oppland, Hedmark og Sogn og Fjordane, tilsaman 102 av 168 svar som kom inn på spørjelista. Resten av svara frå dei andre fylka vil bli gjennomgått seinare. Eg har registrert dei ulike namna på benkehake som er med i svara og kor mange som har gjeve opp dette.

Benkehake

Det er 7 av svara som nemner dette namnet, 4 av dei frå Møre og Romsdal, 2 frå Hedmark og 1 frå Nord-Trøndelag. Dei fleste viser til namnet som standard terminologi (ein skriv at det er frå byen, andre at det er frå snikkarkurs) men har andre ord som dei viser til som meir lokale. Berre to av dei som har svart benkehake har det som einaste nemning. Når vi då hugsar på at dette var nemninga som var brukt i spørsmålet er slåande at så få har oppgjeve benkehake.

Bitehest

Det er 4 som har svart med ulike variantar av bitehest og alle er frå Sogn og Fjordane. Bithest og bethest er variantar av skrivemåtar. 3 av dei 4 har dobbe med som ei alternativ nemming.

Dobbe

Det er heile 12 av svara som har dobbe som ei vanleg nemning for benkehaken.  8 av dei frå Sogn og Fjordane, 2 frå Møre og Romsdal, 1 frå Nordland og 1 frå Troms. Variantar av skrivemåtar i dei ulike formene er: dobbane, dobbar, dåbbane, benkedobba, doppar og doblingar.

Kam

Det er 6 av svara som har med ordet kam. 4 frå Hedmark, 1 frå Oppland og 1 frå Møre og Romsdal.  Variantar av skrivemåte i ulike former er: kambane, kambar, benkekambar,  kammar  og høvelbenkkam.

Klo

Det er 8 av svara som har med ordet klo. 3 frå Oppland, 2 frå Hedmark, 2 frå Sør-Trøndelag og 1 frå Møre og Romsdal. Variantar av skrivemåte i ulike former er: klørn, kloa, jarnkloa, klobit, benkeklo, kloen og klør.

Skisser til neminga klo frå eitt av svara frå Hedmark. Denne har ein ekstra funksjon ved at du kan feste bord på høgkant i kloa.
Skisser til neminga klo frå eitt av svara frå Hedmark. Denne har ein ekstra funksjon ved at du kan feste bord på høgkant i kloa.
Enkel skisse av klo i eitt av svara frå Oppland. Denne minner om bitehest på fotografiet over.
Enkel skisse av klo i eitt av svara frå Oppland. Denne minner om bitehest på fotografiet over.
Hake

Det er 4 av svara som har variantar av ordet hake. 1 frå Oppland, 1 frå Sør-Trøndelag, 1 frå Nordland og 1 frå Troms. Det er ikkje andre variantar av skrivemåten enn fleirtalsforma hakar. Nemninga er i nær slekt med benkehake og kan kanskje seiast å vere ei kortform av denne?

Skisse av hake og tonn i eit av svara frå Hølonda. Haken er av typen med to tangar slik som er vanleg på baktanga på enkelte høvelbenkar. Døme på slike er frå Siljansnäs og Nordmøre.
Skisse av hake og tonn i eit av svara frå Sør-Trøndelag. Haken er av typen med to tangar slik som er vanleg på baktanga på enkelte høvelbenkar. Døme på slike er frå Siljansnäs og Nordmøre.
Knekt

Heile 15 av svara har med variantar av ordet knekt. 8 frå Nord-Trøndelag (alle svara frå fylket har med det), 5 frå Nordland og 2 frå Troms. Variantar av skrivemåten i ulike former er: knikten, høvelbenkkniktane, knikta, knektar og kniktane. Det er slåande at neminga er så vanleg nord for Trondheim.

Tang

3 av svara har med ordet tang. 2 frå Sør-Trøndelag og 1 frå Troms. Variantar av skrivemåten i ulike former er: tenger, høvelbenk tonn og tand.

Høvelbit

2 av svara har med høvelbit og båe av dei er frå Møre og Romsdal. Høvelbit og høvelbitir er dei to variantane av skrivemåten i ulike former.

Av svarmaterialet kjem det fram ei viss regional spreiing av nemningar. I alle fall knekt, dobbe og bitehest ser ut til å ha vore brukt mykje i enkelte område. Det er berre nokre få av svara som har med skisser eller forklaringar om korleis hakane ser ut. Det er derfor litt vanskeleg å sjå ein klar samanheng mellom utforming/funksjon og nemningane. Mange av svara går inn på forskjellane på eldre høvelbenkar og dei nyare som har kome inn med snikkarkurs og snikkarskular. Eit hovudtrekk er at mange av dei eldre benkane ikkje har baktang for fastspenning av emna. Då vert emnet berre støytt mot haken under høvling. Kan vi sjå for oss at namna høvelbit, tang, klo, kam og bitehest seier oss noko om at dei bit seg fast i emnet? På same måten at knekt, benkehake, hake og dobbe kanskje i større grad heng saman med høvelbenkar med baktang og at ein spenner emna fast mellom to slike? Det er forklaringar i svara som peikar mot dette. Kom gjerne med kommentarar på dette, spesielt om du kjenner til gamle benkehakar av ulike typar?

To benkehakar frå Røros i Sør-Trøndelag. Frå fylket har vi nemingane hake, klør  og tonn som vi også kan bruke. Desse tilhøyrer Kolbjørn Vegar Os. Foto: Roald Renmælmo
To benkehakar frå Røros i Sør-Trøndelag. Frå fylket har vi nemingane hake, klør og tonn som vi også kan bruke. Desse tilhøyrer Kolbjørn Vegar Os. Foto: Roald Renmælmo

Kjelder:

Heine, Günther (1990): Das Werkzeug des Schreiners und Drechslers.

Moxon, Joseph (1703): Mechanick exercises: or The doctrine of handy-works … To which is added Mechanick dyalling … The third edition. London

Wooden bench hook from Vasa (ship)

This is the first post in English on this blog. After our last post with pictures of the wooden bench hook from the Swedish warship Vasa that sank in the year 1628, we got a lot of English speaking readers and followers. Earlier this week Tomas and I attended at the Vasa museum to study some details of the carpenters/joiners workbench from the ship as we have started to make some copies of the bench to use in our own work. We where allowed to see some of the tools and other interesting objects that where found in the ship. Among the tools where this, now famous, wooden bench hook.

My first version of the wooden bench hook from Vasa. It is made from pine that was leftover after a door I made a couple of weeks ago. Photo: Roald Renmælmo
My first version of the wooden bench hook from Vasa. It is made from pine that was leftover after a door I made a couple of weeks ago. The original bench hook from Vasa was made of oak of a much better quality. Photo: Roald Renmælmo

In my own workshop in northern Norway i have made a workbench that is not unlike the Vasa workbench, but it is made of pine and after a model from early 1800 from a farm (Eggagården) in Røros in Norway. The original bench where probably mounted to the wall but I have modified mine to stand free on the floor. I use the bench along with my tools that are copies from old tools from my area and from about 1800-1860.

The first test of the Vasa bench hook. This is the thing I did need to make my workbench complete. I am using a bowsaw for the first test. I similar saw is in the collection of tools from Vasa. Photo: Roald Renmælmo
The first test of the Vasa bench hook. This is the thing I did need to make my workbench complete. I am using a bowsaw for the first test. Some parts of a similar saw is in the collection of tools from Vasa. The bench hook works good with a bowsaw of this type. Photo: Roald Renmælmo
The Vasa wooden bench hook does also work as a mitre guide. Here with a Wenzloff  backsaw for demonstration. This is not a type of saw that was found among the tools in Vasa. Photo: Roald Renmælmo
The Vasa wooden bench hook does also work as a mitre guide. Here with a Wenzloff backsaw for demonstration. This is not a type of saw that was found among the tools in Vasa but it works with the bench hook. Photo: Roald Renmælmo

All the other posts on the blog is in Norwegian (Roald) and Swedish (Tomas). We will continue to write in our own languages, but might write some posts in English as we would like more contact with woodworkers that works with similar things as we do in other parts of the world. Feel free to comment our posts in English and we would try to answer your questions.

This blog is about workbenches for what is called «snikkar» in Norwegian. The word is commonly used to describe a woodworker and could be the same as joiner, cabinetmaker or carpenter in English. As you would understand, there is a lot of different kinds of workbenches that have been used for different purposes. We are focusing on benches for work similar as a joiner. There is another similar blog about workbenches for jointing long boards, a bench called «skottbenk» in Norwegian. (http://skottbenk.wordpress.com) We search both private collections and museums in Norway and Sweden for old workbenches. The modern «Scandinavian» workbench, «høvelbenk«, have become so common that most people do not know other workbenches that that. We will make copies of old benches to try to rediscover some of the old woodworking knowledge.

Kombinert støtbrett og gjærkasse i verktøysamlinga frå Vasaskipet

Eg og Tomas var ein tur på Vasamuseet i Stockholm på tirsdag for å kontrollere nokre mål og ulike detaljar på høvelbenken der.  Vi ble godt motteken av Irene Lindblom og gjesteforskar Evelyn Ansel som tok oss med rundt. Evelyn arbeider spesielt med å gå gjennom snikkarverktøyet som ble funnet i skipet. Verktøyet vert nøyaktig målt opp og registrert, nokre døme på dette kan de sjå i bloggen der ho postar om arbeidet. Vi vart med Evelyn i magasinet for å sjå på nokre verktøy og delar av panel som Tomas er interessert i. Eg gjorde store auge når eg fekk sjå eit støtbrett for saging i hylla mellom det andre verktøyet.

Støtbrettet er omlag ei alen langt og har utsparing for saging i vinkel i venstre kant og sagsnitt for saging i gjeringsvinkel. Det har registreringsnummer 4876 på Vasamuseet. Foto: Roald Renmælmo
Støtbrettet er omlag ei alen langt og har utsparing for saging i vinkel i venstre kant og sagsnitt for saging i gjeringsvinkel. Det har registreringsnummer 4876 på Vasamuseet. Foto: Roald Renmælmo

Støtbrett er på ingen måte eit ord som eg reknar med at alle forstår. Eg har funnet ordet i boka «Handbok i sløyd» av A. Digranes, 1950. Med det meiner han eit brett med stopp som ein festar på høvelbenken for å stusshøvle endeved på eit emne. Altså ikkje til saging. Denne frå Vasaskipet har eg ikkje noko eige namn på, kom med forslag. Amerikanarane har noko dei kallar for wooden bench hook som tilsvarar denne frå Vasaskipet. Ein slik høyrer saman med høvelbenken, særleg om ein har benk av den typen som er på Vasaskipet. Peter Follansbee har tidlegare etterlyst døme på slike originale gamle. Endeleg kan vi vise til det. Han lovde bort 25 cents til den som kunne vise til slike.

Støtbrettet frå enden. Den lista som er nagla fast på høgre side heng fast mot kanten av høvelbenken. Foto: Roald Renmælmo

Det er laga av eik og nagla saman med trenaglar som har diameter på kring 8 mm. Det er omlag 8-10 cm mellom kvar nagle. Emna kan også ha vore limt saman for å vere ekstra stive men det er ikkje mogleg å seie så mykje om etter alle åra i sjøen. Det einaste eg kan seie er at fugene ser ut til å vere så presise at dei godt kan ha vore limt. Støtbrettet er ikkje så bredt som ein del tilsvarande amerikanske ein kan sjå bilete av på ymse nettforum. På wikipediasida for bench hook er det forklart at den brukast til både høvling, saging og stemming med stemjarn. Saginga då med nakkesag (backsaw). Det er ikkje noko som tyder på at dei har hatt slike sager på Vasaskipet. Derimot har dei hatt grindsager og stikksager av hollandsk type. Det er ikkje utenkeleg at desse sagene er betre å bruke til kapping og gjering om støtbrettet er smalt så emnet ligg nær kanten av benken?

Høgre ende av støtbrettet. Her er det saga vekk litt av framlista for å gi plass til å kappe emne i vinkel med saga. Det er tydeleg at det har vore ein høgrehendt snikkar som har brukt dette. Foto: Roald Renmælmo
Høyre ende av støtbrettet sett ovafrå. Foto: Roald Renmælmo
Høyre ende av støtbrettet sett ovafrå. Foto: Roald Renmælmo

Huggning av tapphål för bakbenen

Efter ett uppehåll för arbete med bänken i Mariestad och ett besök på Vasamuseet fortsätter jag erbetet med bänken hemma i verkstaden i Stigtomta med att hugga tapphål för bakbenen.

Bakbenen lutar ut från skivan, vilket förmodligen gjorts för att göra bänken stadigare i sidled. Yttermåtten nere vid foten är 622 mm på uppmätningingsritningen. För att hitta rätt vinkel slår jag ut ett snitt i skala 1:1 på en skiva.

Tapphålen grovhöggs först. Till hjälp att hitta vinkeln använde jag en vinkelkapad bit att syfta efter. Foto: Tomas Karlsson
Tapphålen grovhöggs först. Till hjälp att hitta vinkeln använde jag en vinkelkapad bit att syfta efter. Foto: Tomas Karlsson
Grovhugget tapphål. Foto: Tomas Karlsson
Grovhugget tapphål. Foto: Tomas Karlsson
Efter grovhuggningen renskar jag tapphålet med ett järn med långt skaft, vilket underlättade att hitta rätt vinkel. Foto: Tomas Karlsson
Efter grovhuggningen renskar jag tapphålet med ett järn med långt skaft, vilket underlättade att hitta rätt vinkel. Foto: Tomas Karlsson
Vinkeln kontrollerades med hjälp av smygvinkel. Foto: Tomas Karlsson
Vinkeln kontrollerades med hjälp av smygvinkel. Foto: Tomas Karlsson

Høvling av bord og plank på flasken

Benken frå Kvildal
Benfrå Kvildal. Foto Ryfylkemuseet.

Jakta vår på gamle arbeidsmetodar har kome til høvling av flasken på bord og plank. I staden for å lage og ta i bruk benkar frå andre kantar av landet ser me på Ryfylkemuseet det som viktig å ta vare på lokale variasjonar. Korleis gjorde dei det, og korleis såg ein eventuell høvelbenk ut her? Eg har lese ein stad at dei sat på borda i materialstabelen når dei høvla. Har og prata med ein som kan minnast å ha sett at «dei sat på ein låg benk og høvla mellom seg».

Leitinga har ført oss til ein gamal båtbyggerverkstad i Kvildal i Suldal. Verkstaden står omlag slik den alltid har gjort sidan båtbyggaren Nils O Bakka sette han opp ca 1907. Det er oldebarnet hans som har garden verkstaden står på i dag.

Av verktøysamlinga kan ein sjå at der er laga meir enn berre båtar. Der er ein oksehøvel med meiar (der har vore ein strykebenk men den eksisterer ikkje lenger), not-, penn-, profilhøvlar osb.  Og ein låg benk. Den ser ut som ein heilt vanleg benk til å sitte på, men den skal være brukt til høvling av bord. Det er kroppstyngda som held bordet på plass når dei høvlar.

Benken sett frå enden
Benken sett frå enden. Foto Ryfylkemuseet
Beina er tapp opp i planken. Dei er ikkje festa på noko vis.
Beina er tapp opp i planken. Dei er ikkje festa på noko vis. Legg merke til spora etter øksehogg i planken. Foto Ryfylkemuseet

Benken er 2750 mm lang, 265 mm brei og 480 mm høg. Opprinneleg tjukne på planken varierer mellom 55 og 65 mm (målt på kvister langs kanten). Føtene skrevar ut i ei bredd på omlag 400 mm ved golvet. Dimmensjonen på føtene er 110 x 40 mm og dei står 360 mm frå endane. Tappholet er 70 x 40 mm. Materialen er av furu og skoren på sirkelsag.

Er dette benken me skal kopiere? Kva anna arbeid er utført på benken sidan den nerast er hol langs midten etter øks?

Smiing av spikar til Vasabenken

Original spikar frå klokketårnet i Ransbergs kyrka, truleg frå 1666. Foto Roald Renmælmo
Original spikar frå klokketårnet i Ransbergs kyrka, truleg frå 1666. Spikar nr. 2 frå toppen er modellen vi skal ha til høvlebenken. Den nederste spikaren måler drygt 12″ i lengde. Foto Roald Renmælmo

I dag var eg, Tomas Karlsson og Patrik Jarefjäll på besøk i smia til Julius Pettersson i Skalkarike utanfor Mariestad. Julius har tidlegare levert ein del spikar til restaurering av klokketårnet i Ransbergs kyrka. Tårnet frå 1666 har bevart store mengder original spikar og Julius har fått låne nokre av desse for å smi kopiar til restaureringsarbeidet. Vi har tidlegare skrive litt om spikar til høvelbenken. Vi fekk Julius til å smi spikar til festing av føtene og tverrtrea på høvelbenken. Julius har også smidd nokre navarar som vi skal bruke til vidare arbeid med snikring av høvelbenken.

Med utgangspunkt i eit firkantstål vart spikaren smidd ut til ønska lengde og dimensjon på ein fjørhammar. Foto: Roald Renmælmo
Med utgangspunkt i eit firkantstål vart spikaren smidd ut til ønska lengde og dimensjon på ein fjørhammar. Foto: Roald Renmælmo
Spikaren blir så hogd av på ei kvass hoggtann på smisteet. Foto: Roald Renmælmo
Spikaren blir så hogd av på ei kvass hoggtann på smisteet. Foto: Roald Renmælmo
Julius smir til forma på hovudet og fasettane på det. Det gjer han på kanten av smisteet. Denne arbeidsmåten har han kome fram til ut frå spor på dei gamle spikarane. Det ser ikkje ut som dei er smidd på ei spikarlo slik som meir moderne smidd spikar. Foto: Roald Renmælmo
Julius smir til forma på hovudet og fasettane på det. Det gjer han på kanten av smisteet. Denne arbeidsmåten har han kome fram til ut frå spor på dei gamle spikarane. Det ser ikkje ut som dei er smidd på ei spikarlo slik som meir moderne smidd spikar. Foto: Roald Renmælmo
Her er ei samling med ferdig smidd spikar til høvelbenken. Frå venstre, 3" spikar til tverrtrea, 4" spikar (8mm stamme) til føtene der dei er tappa inn i benkeplata og 6" spikar til å feste bordklype. Foto: Roald Renmælmo
Her er ei samling med ferdig smidd spikar til høvelbenken. Frå venstre, 3″ spikar til tverrtrea, 4″ spikar (8mm stamme) til føtene der dei er tappa inn i benkeplata og 6″ spikar til å feste bordklype. Foto: Roald Renmælmo

Materialane til Vasabenken er ferdig dimensjonert

Emnet til strekkfisk mellom føtene var 2,5 - 3 cm for bredt. I staden for å høvle ned dette prøvde vi å sage med langvedsaga. Saga er laga av Mike Wenzlof i Oregon i USA og er kopi av langvedsaga til Benjamin Seaton som var snikkar i London på 1790-talet. Foto: Roald Renmælmo
Emnet til strekkfisk mellom føtene var 2,5 – 3 cm for bredt. I staden for å høvle ned dette prøvde vi å sage med langvedsaga. Saga er laga av Mike Wenzloff i Oregon i USA og er kopi av langvedsaga til Benjamin Seaton som var snikkar i London på 1790-talet. Foto: Roald Renmælmo

Å sage gjennom ein tørr eikeplanke som er kring 9 cm tjukk krev litt arbeidsinnsats. Heldigvis var det ein kald dag i Mariestad så saginga var eit ettertrakta arbeid for å halde varmen. Når både eg og Tomas var blitt gode og varme så kjente vi enda betre at arbeidet var tungt, ikkje verre enn at det gjekk ved å ta tida til hjelp.

Vi fekk besøk av Peter Sjömar (t.h. i biletet) som er vår veileder i våre doktorgradsprosjekt. Tomas kom på at han måtte ta nokre notatar og eg måtte fotografere og då var det bare Peter igjen som kunne ta seg av saginga. Foto: Roald Renmælmo
Vi fekk besøk av Peter Sjömar (t.h. i biletet) som er veileder i våre doktorgradsprosjekt. Tomas kom på at han måtte ta nokre notatar og eg måtte fotografere og då var det bare Peter igjen som kunne ta seg av saginga. Foto: Roald Renmælmo
Roald prøver ut å hogge ned dimensjonen på emnet. Tørr eik er seig og hogge på men det går. Det var fint å ha slike låge bukkar for å kunne halde fast emnet med kneet. Emnet vart justert med høvel til slutt. Foto: Tomas Karlsson.
Roald prøver ut å hogge ned dimensjonen på emnet. Tørr eik er seig og hogge på men det går. Det var fint å ha slike låge bukkar for å kunne halde fast emnet med kneet. Emnet vart justert med høvel til slutt. Foto: Tomas Karlsson.