Spor etter benkehake i høvelbenken frå Vasaskipet

Som vi tidlegare har vore inne på, er alle originale delar av jern fråverande i høvelbenken. Det er berre hola etter kor det kan ha stått delar av jern vi kan få ut informasjon av. Dimensjon, form og plassering på hola er slik vi kan sjå på. I og med at det finnast lite lokalt referansemateriale som er samtidig med høvelbenken i Vasaskipet, må vi stø oss på materiale som enten er frå seinare tid, eller frå andre land.

Det er ikkje spor etter baktang på høvelbenken. Høvelbenkar med baktang har gjerne ei lang rekke med hol for benkehake for at denne skal kunne flyttast til ulike posisjonar. Døme på slike har vi i benkane frå Siljansnäs og frå Holstvollen i Trondheim.

Benkar utan baktang har gjerne ein fast benkehake som snikkaren støyter emnet i mot. Denne faste haken er som regel plassert enten like bak eller like framom venstre framfot. Døme på slike hakar finn vi i benkane frå Eggagården og Li. Det er mange hol i benkeplata på Vasabenken, dei aller fleste av desse er runde og stemmer best med slik vi ser for oss kan ha vore til killingfot. Det er berre eitt hol som er firkanta og såleis kan passe med benkehake. Det er plassert ved den venstre fremre foten.

Plassering av holet for benkehaken i høvelbenken frå Vasaskipet er markert med raud pil. Foto: Roald Renmælmo
Plassering av holet for benkehaken i høvelbenken frå Vasaskipet er markert med raud pil. Foto: Roald Renmælmo
Holet er firkanta med skarpe kantar og måler 25 x 23 mm. Det største målet på tvers av benken. Foto: Roald Renmælmo
Holet er firkanta med skarpe kantar og måler 25 x 23 mm. Det største målet på tvers av benken. Holet har truleg vore til ein fast benkehake. Vi ser faktisk også at bladet på benkehaken har vore senka litt ned i benkeplata. Det gir oss informasjon om forma på bladet på haken og kor brei han kan ha vore. Foto: Roald Renmælmo

Storleiken på holet for benkehaken, 25 x 23 mm, er for lite for at benkehaken kunne vore slått inn i ein trekloss slik som ein kan sjå på ein eldre illustrasjonar av benkar utan baktang hos Felibien, RouboDiderot og Moxon. Dei tre første er franske. Engelske Moxon har truleg fått inspirasjon til sine figurar frå Felibien og derfor kan det vere at løysinga med benkehaken fast i ein trekloss er noko som er spesielt for franske forhold? Firkanta hol store nok til ein slik trekloss som desse fire har teikna, finn vi på høvelbenken på Skokloster. Benken på Skokloster er nok seinare modifisert og har i dag baktang og ei rekke med hol for flyttbar benkehake av ein anna og meir moderne utforming.

For å finne gode relevante benkehakar som kan passe med holet i benken frå Vasaskipet vil vi gå gjennom hakar vi kjenner frå benkar som ikkje har baktang, men med ein fast benkehake. Døme på slike er høvelbenkane frå Eggagården på Røros og frå Li i Suldal. Båe desse har godt bevarte benkehakar men diameteren på stammen på hakane er noko mindre enn måla på holet på Vasabenken. Mest truleg har det stått ein hake med smidd stamme som har hatt mål som passar med holet i benken.

Forslag til målsetjing på spora etter benkehaken. Måla er tatt frå foto på grunnlag av at måla på holet for stammen er 23 x 25 cm. Foto og mål: Roald Renmælmo
Forslag til målsetjing på spora etter benkehaken. Måla er tatt frå foto på grunnlag av at måla på holet for stammen er 23 x 25 mm. Foto og mål: Roald Renmælmo

Kjelder

Diderot, Denis; Alembert, Jean Le Rond d (1769): Recueil de planches sur les science et les arts libéraux. Paris.

Félibien, André (1690): Des Principes de l’Architecture, de la Sculpture, de la Peintures, et des autres Arts qui en dependent.

Moxon, Joseph (1703): Mechanick exercises: or The doctrine of handy-works … To which is added Mechanick dyalling … The third edition. London: Dan. Midwinter & Tho. Leigh.

Roubo, Andre (1769): L’art du Menuisier.

About Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

5 tankar på “Spor etter benkehake i høvelbenken frå Vasaskipet

  1. Hei. Tenkte bare tipse om at det er en hel del verktøy bevaret etter siste ekspedisjonen, 1596-97, til Wilhelm Barents . Hvorvidt det også finnes en høvelbenk vet jeg ikke, men det går fint å spørre på Rijksmuseum Amsterdam hvor det oppbevarer tingene. De er hjelpsomme og svarer raskt. Mvh Lars

    1. Hei. Eg sjekka ut den ein høvelen frå ekspedisjonen til Barents. Den er med i ei rekke bøker om verktøy og går for å vere ein av dei eldste bevarte trehøvlane (Sterre, Goodman og Greber) . Likevel har eg ikkje lest noko om kor spesiell løysinga er med kilen. Det verkar som kilegangen er ganske kort slik som høvlane frå Holland på 1600-talet men det spesielle er at tanna er mykje smalare enn kilen og ligg i ei nedsenka seng.

      Bilete av høvelen finnast her: https://www.rijksmuseum.nl/nl/collectie/NG-NM-7771

      Kjelder:
      Goodman, W. L., The History of Woodworking Tools. 1967
      Greber, Joseph. Die Geschichte des Hobels. 1956
      Van Der Sterre, Gerrit. Four centuries of dutch planes and planemakers. 2001

  2. Hei. Takk for tipset. Eg kjenner til ein høvel frå verktøyet som var funnet etter ekspedisjonen til Wilhelm Barents men det kunne vore nyttig å sjå gjennom heile funnet. Det er eitt av nokre få funn av verktøy frå 1500-1600-tal med ein klar daterbar samanheng. Eg skal ta kontakt med museet.

    Også verktøyet som var med det engelske krigskipet Mary Rose som sank i 1545 er ei god kjelde. I Holland har du også verktøyet frå vraket Scheurrak SO1 frå 1590 der det er ei stor kiste med verktøy. Ei viktig kjelde for oss er sjølvsagt verktøyet frå Vasaskipet som er veldig relevant. Dette kan vi supplere med verktøyet frå Skokloster Slott som har ei imponerande samling verktøy frå 1660-talet.

    Det er artig at vi arbeider med objekt som er så nære kvarandre i tid. Då tenkjer eg på høvelbenken frå Vasaskipet og dei båtane du driv med på Båtlaben. http://baatlab.wordpress.com

    Det var også nokre få redskap i funnet frå fregatten «Lossen» som sank i 1717. For oss er det nokre tommestokkar, ei klubbe, navarskaft, økseskaft og ei borevinne som er mest aktuelt. Materialet frå funnet er kanskje i magasinet på Norsk Maritimt Museum?

    Mvh Roald

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s