Det er ikkje tvil om at det finnast høvelbenkar å få kjøpt som kan fungere bra til det meste. Det finnast også rikt monn av gamle høvelbenkar som kan setjast i stand og bli gode. Likevel vil eg og Tomas bruke tid og krefter på å bygge oss høvelbenkar i tida framover. Også mellom dei andre aktive brukarane av bloggen er det snakk om å lage seg høvelbenk. For oss alle er det snakk om å lage kopi av gamle høvelbenkar av ulike slag. Det er for å setje søkelys på den handverkskulturen som dei gamle høvelbenkane er eit uttrykk for. Det å snikre ein kopi av ein gamal høvelbenk er i seg sjølv ein måte å forstå og dokumentere originalen på. Kopisnikringa tvingar oss til å gå inn i alle detaljane, kanskje på tilsvarande måte som snikkaren som snikra originalen gjorde? Kopisnikring kan då vere å forstå som ein metode for å dokumentere og forstå originalen.
Likevel stoppar vi ikkje der. Det å bruke høvelbenken er også ein måte å undersøke funksjonen på. Dekker benken dei behova ein snikkar har til ein slik benk? Kanskje den berre passar for ein spesiell type arbeid? I så fall kan vi kanskje seie noko om kva typar arbeid benken har vore brukt til? Vi kan risikere at ein ein benk som ser flott ut eigentleg ikkje fungerer så godt? Dei originale høvelbenkane vi undersøkjer er som regel i for dårleg stand til å kunne brukast. Derfor er utprøving av ein kopiert benk det beste, og som regel det einaste, alternativet for å få prøvd ut høvelbenken.
Tomas har starta arbeidet med å snikre ein kopi av høvelbenken frå Vasaskipet. Denne benken skal han ha i sin eige verkstad. Tomas har frå tidlegare snikra dører etter modell frå 1700-tal og seint 1800-tal. No vil han fokuserer på dører frå 1600-tal. Då kan Vasabenken vere relevant tidsmessig. Kanskje kan bruken av benken vere styrande for korleis arbeidet blir gjort? Det er i alle fall ikkje utenkeleg at høvelbenken i Vasaskipet har vore brukt til å snikre dører før skipet gjekk ned i 1628. For å organisere innhaldet i bloggen har vi laga eigne kategoriar for kvart snikre høvelbenk prosjekt. I denne kategorilenka kjem det oppdatert informasjon om Tomas sitt prosjekt: Tomas snikrar høvelbenk.
Eg og Tomas skal også snikre ein kopi av høvelbenken frå Vasaskipet i Mariestad. Kopien håper vi kan bli starten på ein eige verkstad med historiske verktøy og benkar i Mariestad. Vi vil etter planen starte sjølve snikringa 9. januar og halde på til vi er ferdige. Arbeidet kan bli fordelt over fleire kortare periodar. Denne benken ser vi for oss å bruke til samlingar der vi skal gjere ulike studie av historisk snikkararbeid. I denne kategorilenka kjem det oppdateringar i dette prosjektet: Tomas og Roald snikrar høvelbenk.
Sjølv held eg enda på med kartlegging av ulike gamle høvelbenkar før eg landar på ein original eg vil kopiere. Akkurat no har eg fokuset på ein benk som har vore brukt på byggeplass og er berre utstyrt med ei trelist som høvelstopp og ei enkel bordklipe på sida for å halde bordet fast under høvling. Den er ikkje spesielt krevjande å bygge, men er ein sjeldan type å finne. Slike benkar kan ha vore svært vanlege men er underrepresentert i det bevarte materialet sidan dei gjerne var laga av material på byggeplassen og demontert etter bruk? I denne kategorilenka kjem det etterkvart oppdatert informasjon om mitt prosjekt med snikring av høvelbenk. Roald snikrar høvelbenk.