
Når eg og Tomas skal snikre kopi av høvelbenken frå Vasaskipet i midten av januar må vi gjere nokre undersøkingar kring det originalen ikkje kan gi oss sikre opplysningar om. Sidan alt av jarn er borte så er det særleg desse delane vi må ta for oss. Det har vore brukt ein del spikar i høvelbenken. Spikrane som har vore brukt til å feste føtene til benkeplata, strekkfiskane til føtene og til reparasjon av plata er eit emne vi må undersøkje. Vi kan sjå på måla på benken kor lange spikrane må ha vore for å rekke gjennom tappane. Spikarane til benkeplata har då truleg vore 3 ½» lange, eller kanskje 4″? Spikrane til tappane på strekkfiskane har truleg ikkje vore lengre enn at dei ikkje har gått gjennom foten. Då kan dei ha vore 3″ lange. Ut over det har vi ikkje noko informasjon vi kan lese ut av den originale høvelbenken
Då må vi sjå om vi kan finne relevante kjelder som vi kan bruke til å supplere der vi har kvite flekkar på kartet? På Skokloster slott er det nokre gamle høvelbenkar som er interessante. Den eine som vi har undersøkt har ei benkeplate av eik som kan minne noko om benkeplata på benken frå Vasaskipet. Det er vanskeleg å seie om den aktuelle høvelbenken er frå 1600-talet, men han kan vere det. Nokre av delane av eik er spikra med spikar som ser ut til å vere gamal, truleg original.


Høvelbenken frå Skokloster slott er ei kjelde som er relevant sidan materialet er eik og det er ein høvelbenk som er spikra. Tidsmessig er det usikkert om alderen er så høg at det er relevant for å seie noko om spikar i høvelbenken frå Vasaskipet? Likevel skal det godt gjerast å finne ein høvelbenk i eik som er bevart og er samtidig med den i Vasaskipet. Kanskje er benken frå Skokloster det næraste vi kjem i så måte?
Tømraren Mattias Hallgren har også tipsa om spikar i Ransbergs klocktårn (om Ransbergs kyrka). I klokketårnet er det mengder med spiker frå 1666. I samband med restaureringa i vår så kom det fram ein god del spikar av ulike typar som satt i delar som måtte bytast. Spikrane er ganske ulike i forma og av mange ulike storleikar. Likevel verkar det som om spikrane er originale og samtidige. Bakgrunnen for denne variasjonen kan sikkert vere grunnlag for eit eige forskingsprosjekt?

Vi har då nokre konkrete utgangspunkt for å få smidd spikar til høvelbenken vi skal kopiere. Nøyaktige dimensjonar må vi drøfte med smeden som skal smi desse. Det blir først når vi skal bruke spikrane for å feste føtene at vi ser korleis dei fungerer i praksis. Den tjukke stammen på desse spikrane krev at vi må forbore hol for spikaren før vi slår han inn. Kva slags boreverktøy som kan ha vore brukt i 1628 blir også eit spørsmål vi må sjå på.

Eg har fått eit tips frå smeden Julius Petterson som driv si eiga smie:
http://manufaktursmide.se
Han har smidd ein del spikar til restaureringa av klokketårnet i Ransberg og har då kopiert dei originale spikrane. Hans tolking er at spikrane ikkje er smidd i lo men at hovudet er smidd fram på kanten av smistedet. Det er spennande opplysningar. Han har også prøvd ut dette i samband med kopismiing av spikrar til Ransberg.
Han har også sendt med eit bilete av dei tre vanlegaste utformingane på hovduet på dei originale spikrane: http://wp.me/a3W7B7-67