Kan vi tidfeste bruken av killingfot i høvelbenken?

Killingfot er eitt av namna som beskriv jarnhaken som ein brukar for å halde fast emna oppå høvelbenken. På nyare benkar er dei ikkje så vanlege å sjå. Det er også langt mellom å finne benkar i Norden som har slike eller spor etter slike. I svarmaterialet frå spørjelista om snikkarhandverket til Ord og sed frå 1930-talet er det nokre døme på killingfot. Det er fleire av svara som også har med teikning av utsjånaden. Då har killingfoten vore i aktiv bruk til inn på 1900-talet i enkelte område av Noreg, truleg har det vore tilsvarande i Sverige.

Killingfot i høvelbenken
Killingfot i høvelbenken. Killingfoten spenner fast høvelen i benken for demonstrasjon, vanlegvis er det emner av ulike slag som vert spent fast. Foto: Roald Renmælmo

Truleg har benken frå Vasaskipet hatt ein eller fleire slike killingføter for å halde emna på plass? Hola i benkeplata og føtene kan tyde på det. Dessverre er alt av jarn rusta bort for lenge sidan så vi kan ikkje vere heilt sikre på kva hola har vore til. I Vasabenken har vi truleg eit døme på høvelbenk som har hatt killingfot som ein sentral del, skipet gjekk ned i år 1628. Vi kan då spore killingfoten tilbake til tidleg 1600-tal i Norden. Då har vi eit tidsspenn på kring 300 år, frå 1628-1934 (ca), at killingfoten var i aktiv bruk. Kor vanleg killingfoten har vore i Norden i denne perioden kan vi ikkje seie så mykje om.

Det finnast ein amerikansk video som viser smiing av killingfot (holdfast på engelsk) og viser korleis det er to ulike prinsipp på slike. Smeden Peter Ross viser to ulike smiteknikkar for å smi desse krokane. Her er lenke til sida der de kan sjå videoen:

http://video.pbs.org/video/2292087803/

Ein framifrå snikkarblogg i USA har tatt tak i spørsmålet, -om det er kjelder som viser kjellingfot (holdfast) før 1600-talet, i posten – Early holdfasts. Roman benches. Spørsmålet vert belyst med kjelder frå ulike land. Når vi skal lengre tilbake enn 1600-talet er det sparsamt med kjelder som kan seie noko om bruken av killingfot. Det kan derfor vere aktuelt å bruke kjelder frå andre land. Likevel er det ikkje sikkert desse kjeldene er relevante om vi skal beskrive korleis forholda var her i Norden?

Gravering av oljemåleriet "Le Raboteur” av Annibale Carracci (1560-1609). Biletet viser Jesus og Josef som arbeider saman på høvelbenken. Legg merke til killingfoten som er ganske flat. Biletet frå: http://lostartpress.files.wordpress.com/2013/04/le-raboteur-01-conclave-triadis-humanae-1670-1686.jpg
Gravering av oljemåleriet «Le Raboteur” av Annibale Carracci (1560-1609). Biletet viser Jesus og Josef som arbeider saman på høvelbenken. Legg merke til killingfoten som er ganske flat. Det er eit døme på ein benk med killingfot på 1500-talet. Biletet frå: http://lostartpress.files.wordpress.com/2013/04/le-raboteur-01-conclave-triadis-humanae-1670-1686.jpg

Er det andre som har kjennskap til bruken av killingfot i høvelbenken? Finnast det slike i arkeologisk materiale? Er det nokon som har gamle originale slike?  Kom gjerne med innspel i kommentarfeltet i denne posten.

Kjelder:

Svar på spørjelista «Snikkarhandverket», Frå Nemdi til gransking av norsk nemingsbruk, Ord og sed, Norsk folkeminnesamling, tidleg 1930-tal.

About Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

7 tankar på “Kan vi tidfeste bruken av killingfot i høvelbenken?

  1. takk for svært gode innspill om øks, herding og killingfot!! (bukkefot i smia)
    mvh smeden i Sandefjord
    flott arbeid roald!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s