Kan høvelbenken bli for lang?

Torgeir Frihetsli i Målselv har vore på tur til London og rota seg bort i nokre handlegater der. Heldigvis fann han noko kjent å feste blikket på mellom alle tilboda. Ein høvelbenk som var brukt som bord for varer i butikken Antropologie i Regent Street ved Piccadilly Circus. Det var ikkje ein liten høvelbenk heller. Lengda er totalt 5,5 meter. Benken skulle ha vore brukt av ein snikkar i Alpane. Kanskje dei ikkje har høyrt om skottbenk i Alpane? Eller kanskje høvelbenken har vore brukt saman med ein skottbenk?

Høvelbenk i butikken Antropologie i Regent Street i London. Benken måler 5.5 meter i lengde og skal skrive seg frå Alpane. Foto: Torgeir Frihetsli
Høvelbenk i butikken Antropologie i Regent Street i London. Benken måler 5.5 meter i lengde og skal skrive seg frå Alpane.Benken er så lang at dei har sett opp ein delevegg for å dele opp utstillinga av varene. Foto: Torgeir Frihetsli

Ein slik benk må vere flott for å høvle lange golvbord eller liknande. Elles kan ein snikre alvorleg store dører på ein slik benk. Det ser ut som om det er tilpassa å kunne arbeide på begge sider av benken. Det er ei rekke med hol for benkehakar på kvar side. Benken har truleg vore laga til eit formål der lengda var viktig og har nok stått i ein ganske stor snikkarverkstad. Til det formålet benken tener i dag er han så lang at dei har delt han av med ein skiljevegg.

About Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

2 tankar på “Kan høvelbenken bli for lang?

  1. Så stora bänkar har säkert också varit användbara vid inredningssnickerier som listverk och paneler (ramverk). Paneler kan ju vara våningshöga och i stora byggander kan det innebära minst 4 meter.

  2. Det er heilt sikkert behov for å ha ein høvelbenk til lange paneler og samansett listverk. Berre tenk på portalar til ytterdører kor store dei er når dei skal høvlast og setjast saman. I litt større hus og kyrkjer vert også dørene ganske store. Også vindauge til kyrkjer kan bli veldig høge. då er det sikkert bra å ha ein høvelbenk som er lang nok?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s