Høvelbenken i Vasaskipet

Vasamuseet
Høvelbenken frå Vasaskipet. Foto: Roald Renmælmo

Den 10. august 1628 la skipet ut på jomfruferda etter ei byggjetid på kring 2 år. Det endte med katastrofe. Skipet forliste midt i hamna i Stockholm etter å ha segla berre 1300 meter. For kongen var det eit enormt prestisjenederlag og berging vart prøvd utan hell. Det var ikkje før i 1961 at skipet vart heva til overflata og kunne gi oss eit unikt innblikk i historia til skipet gjennom alt som var bevart ombord. Skipet er i dag tatt på land og konservert i sitt eige museum, Vasamuseet i Stockholm.

I midten av august var eg og Tomas på besøk på museet for å studere ein høvelbenk som var om bord i skipet når det forliste i år 1628. Benken er tatt opp og er konservert og forsiktig restaurert for å fungere i utstillinga. Det mangla nokre delar av benken og dei er erstatta med nye delar som er rekonstruert ut frå spor eller frå tilsvarande delar som finnast i benken. Både framtang og ein fot er rekonstruert. Då skipet gjekk ned gjenstod det å fullføre ein del av innreiingsarbeidet i skipet. Det er sannsynleg at høvelbenken var meint for å gjere dette arbeidet. Det ein stor del fyllingsdører om bord og det var nok ein viktig del av arbeidet til snikkaren. Slik sett kan høvelbenken knytast til historisk snikkararbeid og truleg til snikring av dører. Vi kan sjå snikkaren sine produkt mellom det som var ombord når skipet gjekk ned.

Benken har stått ganske langt opp i skipet og har ein del slitasje i alle overflater. Derfor er det lite som liknar på den originale overflate. Vi kan ikkje sjå korleis materialen i benken er saga til, øksa og/eller høvla. Alle delar av jern som har vore ein del av benken er rusta bort. Vi kan derfor bare sjå hola etter spikrane som har halde beina fast i benkeplata. Vi kan også bare sjå hola etter eventuelle benkehakar og andre festeinnretninger.

Vasamuseet
Høvelbenken frå Vasaskipet sett frå enden. Dei to føtene som er på framsida av benken står omlag i lodd medan dei bakre føtene skrår bakover. Foto: Roald Renmælmo

Høvelbenken har total lengde på 3.3 meter og bredda på benkeplata er frå 33 til 36,5 cm. Høgda på benken, arbeidshøgda er 72,5 cm. Det er to rader med runde hol i benkeplata. Desse tolkar eg som hol for killingfot sidan hola er runde og dimensjonen på dei tyder på det. Det er variasjon på diameter på hola, truleg på grunn av erosjon, men dei minste er på 25 mm. Dei største hola er nærare 50 mm, desse er tydeleg eroderte og ikkje lengre runde. Det er eitt hol som er firkanta og måler 23 x 25 mm og står rett innanfor framtanga. Sjå biletet under. Det er også ei rekke med hol i dei fremre føtene. Også desse er eroderte og dei minste av dei er kring 30 mm i diameter. Det er ikkje bevart nokon killingfot saman med benken så vi kan ikkje utelukke at hola er laga for andre formål. Det at begge rekkene med hol i benkeplata er såpass langt inn på benken peikar mot at dei er for killingfot. Om det var hol for flyttbare benkehakar så trur eg hola har vore plassert så nær kanten av benken som mogleg. Flyttbare benkehakar gir ikkje særleg meining på ein høvelbenk som ikkje har baktang for å spenne fast emna. Runde hol for benkehakar er også uvanleg. Også dei franske høvelbenkane som Roubo viser har to rekker med hol for killingfot.

Vasamuseet
Detalj av framtanga på Vasabenken. Framtanga er ein rekonstruksjon som er gjort ut frå tolking av spor. Benken hadde ikkje bevart framtang når den ble funnet. Det var berre spor etter ein kloss som har vore spikra fast i sida på benken. Utforminga på framtanga kan ha vore svært ulikt det som er gjort i rekonstruksjonen. Tanga kunne godt ha hatt ein skruve for fastspenning. Legg merke til sprekka som går frå framkant på venstre side, gjennom holet (for benkhake?) innfor framtanga og vidare. Skaden har vore reparert før forliset. Det kan vere som eit prov på at benken har vore i bruk, kanskje i samband med innreiinga av skipet? Det avlange holet innom framtanga er tappen frå foten som kjem til syne etter slitasje i benkeplata. Tappane var tappa nesten gjennom frå undersida. Foto: Roald Renmælmo
Wasamuseet
Oversiktsbilete av høvelbenken frå Vasaskipet. Foto: Roald Renmælmo

Høvelbenken er eit døme på ein benk som har fungert utan baktang. Ein har hatt ein måte å feste emna som ikkje krev oppspenning mellom to benkehakar. Den unike konteksten til denne benken gjer han veldig interessant for oss som vil undersøkje historisk snikkararbeid. Vi veit at benken var bygd og var i bruk før forliset. Bruken kan vi sjå av at benken har vore reparert. Vi kan altså seie ganske sikkert at ved denne benken har det stått ein snikkar og arbeidd i 1628, og kanskje også tidlegare. Saman med dei snikkarprodukta vi finn i skipet gir det oss eit høve til å sjå om det er mogleg å seie noko om arbeidsmåten til snikkaren på denne tida. I same området i vraket er det også funne ein del verktøy som vi tenkjer naturleg høyrer saman med snikkarhandverket.

For å gå vidare med studien av denne benken vil vil byggje to kopiar. Tomas Karlsson vil bygge ein kopi i sin eigen verkstad. Tomas snikrar høvelbenk, modell Vasaskipet.

Vi vil også saman byggje ein kopi i Mariestad. Tomas og Roald snikrar høvelbenk i Mariestad.

Desse kopiane vil gi igjen bruke i ulike forsøk med historisk snikkararbeid.

Litteratur:

Roubo (1769). L`art du menusier: avec figures en taille-douce. Paris:

About Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

21 tankar på “Høvelbenken i Vasaskipet

  1. Det finnast ein del variantar av denne framtanga. Den kan vere med eller utan skruve. Er den utan skruve kan den vere tverr slik som rekonstruksjonen på wasabenken, skrå slik at bordet kiler fast når du trykker det fram eller med trapping for ulike bordtjukner.
    Framtanga som Randle Holme (1688) har teikna til sin benk har både skruve og trapping, biletet kan sjåast her:

    Den framtanga som wasabenken har i dag verkar å ha så stor opning at ein må bruke ein kile for å spenne fast bord.

    Kjelder: Alcock, N. W., Nancy C. Cox, and Randle Academy of armory Holme 2000 Living and working in seventeenth century England [electronic resource] : an encyclopedia of drawings and descriptions from Randal Holme’s original manuscripts for the academy of armory (1688). London: British Library.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s